Siste oppdatering

Dybdedata.no flyttar

Frå 1. februar 2024 flyttar tenesta dybdedata.no inn i høydedata.no og Geonorge.no.

Visning av kartlag for djupnedata vil bli tilgjengeleg på høydedata.no. Nedlasting av terrengmodellar med 5, 25 og 50 meters grid/oppløysing, må frå 1. februar 2024 gjerast via filnedlasting på Geonorge.

Terrengdata samla inn med multistråle-ekkolodd er frå Kartverkets djupnekartlegging frå rundt år 2000 og fram til i dag, samt data frå mellom andre Forsvaret og Mareano-programmet.

Felles løysing for terrengdata

Kartverket jobbar med å etablere ei felles løysing for terrengdata på land og i sjø (høydedata og djupnedata). Dette arbeidet er ikkje i mål enno.

– Dybdedata.no er utdatert og frå 1. februar må vi skru av tenesta. Dei same dataa vil vere tilgjengeleg, men brukarane vil finne informasjon og data på høydedata.no og Geonorge, seier Matilde Skår, fagansvarleg for nasjonal djupnedataforvaltar i Kartverket.

Meir detaljert informasjon og rettleiing kjem etter kvart på kartverket.no.

Kontakt

Matilde Skår

Fagansvarleg for nasjonal djupnedataforvaltar

Kartverkets sjødivisjon

matilde.skar@kartverket.no

Tlf. 51 85 87 69

Del
XPPT