Siste oppdatering

Da Noreg endeleg blei kartlagt

Han har bikka 70 år. Han har ikkje tal på kor mange han har hjelpt med å finne vegen, ut i ukjent terreng og heim att, kartserien M711 (Noreg 1:50.000). Den første einsarta kartserien som dekte heile Noreg.

Direktør Kristian Gleditsch i Kartverkets forgjengar Noregs geografiske oppmåling (NGO), var oppøst:

«For NGOs direktør framstår det som eit mareritt at det ikkje fullførast nokon kartserie her til lands før den kasserast til fordel for ein ny. Skal hovudkartverket lide same skjebne, og vårt land i nye 20–30 år sakne ein kartserie i lik målestokk?»

Gleditsch skulle få meir rett enn han truleg sett pris på. Likevel sørgde Forsvaret si avgjerd for å gjere hans uttalte mareritt til ein god draum: I 1988 – 36 år etter oppstarten – var alle dei 727 «brikkene» i kartserien M711 ferdigstilt, og heile landet kartlagt i same målestokk.

" width=
DIREKTØR: Kristian Gleditsch var direktør for Noregs geografiske oppmåling frå 1945 til 1971. Foto: Ukjent – Arbeidernes leksikon, Oslo 1933
 

Basis for kartserien var ei mengde oppfotograferte gradteigs- og rektangelkart sette saman i mosaikk. Dette arbeidet starta i 1952. Karta blei også kjende som «svart-kvitt, blå vatn». Etter kvart låg nye flyfoto til grunn for serien, og M711 blei den første einsarta kartserien som dekte heile landet.

Folket ville ha rutenett

Det var først da NGO blei engasjert til å gjennomgå karta og oppdatere grunnlaget, at realitetane gjekk opp for NGO-direktør Gleditsch: «Skal det ikkje lykkast å fullføre nokon kartserie før den blir kassert til fordel for ein ny? Amtskarta omfatta ikkje Nordland fylke, og Finnmark er i ein annan målestokk. Generalkartet i 1:400.000 blei berre fullført for Sør-Noreg, og no ser det ut til at heller ikkje landgeneralkarta i 1:250.000 vil bli fullført.»

Men snøballen hadde alt begynt å rulle. Den landsdekkjande planen var 727 kartblad. I første omgang kom 570 kart på plass. 

Utsnitt frå føste utgåve av M711-kart. Fargane er svart-kvitt og blått hav.
FØRSTE KARTBLAD: Utsnitt frå første utgåve av M711-kart. Fargane er svart-kvitt og blått vatn. 
Kartusnitt frå M711-kart som dekkjer område i Troms.
TROMSGAPET: Kartlause område i Indre Troms blei fylt med 33 kartblad som blei publisert i perioden 1958–1961. Forsvaret hadde ein samarbeidsavtale med USAs Army Map Service om dette arbeidet.
 

I starten var planen å gi ut ein sivil utgåve parallelt med den militære. Det var meir ressurskrevjande enn forventa, og mange foretrakk uansett militærutgåva som hadde rutenett. Berre 47 kartblad blei utgitt i sivil versjon før arbeidet blei skrinlagt i 1972 – «inntil vidare» som det het, utan å bli teke opp att seinare.

Digitalt og effektivt

Inngangen til 80-talet og den digitale tidsalder gav nye vyer omkring meir rasjonelle metodar for kartrevisjon. Spesielt gjaldt det bruk av elektronisk databehandling (EDB). Eit forprosjekt blei gjennomført i 1983 saman med Lantmäteriverket i Sverige.

Alle stadnamn blei også koordinatfesta og registrert på EDB. Navnedatabasen ble fullført i 1991 og blei kalla Sentralt stadsnamnregister (SSR).

Da førstegongskartlegginga for M711-serien omsider var ferdig i 1988, starta to nye oppgåver for fullt: Systematisk revisjon av karta og full omlegging til digital produksjon. Teiknemaskinassistert produksjon var eitt av stega.

Kartutsnitt av kartblad med rutenett og delar av kartramma.
EDB: Digitalisering har korta mykje ned produksjonstida for kart. Det første fulldigitale kartbladet – 1917 III Åsmarka – var ferdig i 1990.
 

Omlegginga frå analog til digital produksjon korta ned produksjonstida betrakteleg: I 1980 brukte Kartverket ca. eitt årsverk pr. kartblad på det grafiske arbeidet. I 2010 var Kartverket nede i to vekeverk pr. kartblad. No brukast det eitt vekeverk pr. kartblad.

Alltid oppdatert kartdatabase

Frå mai 1997 til desember 2000 ble første versjon av N50 Kartdata etablert. Det landsdekkjande datasettet blir kontinuerleg ajourført, og gjer det mogleg å produsere oppdaterte kart raskt.

Da Forsvaret etablerte sine «kombi-kart» med utvida sjøinnhald i 2005, fekk desse stor sivil interesse. Forsvaret tok derfor initiativ til at M711-serien skulle få sjøinformasjon som standard på dei totalt 380 av 727 karta som har sjøinnhald. Karta fekk også ny kartbladramme med geodetiske koordinat, mellom anna med omsyn til GPS-bruk.

Kartusnitt som visar landkart med sjøinnhald - detaljar frå sjøkart.
KOMBIKART: På 2000-talet blei sjøinformasjon standard innhald i alle kart med sjøinfo i M711-serien. 
 

Den sivile utgåva av M711-serien, Noreg 1:50.000, endra seg i 2012. Kartblad blei sett saman av to+to kartblad trykt på kvar si side av arket. Den nye serien bestod dermed av 212 kartblad, trykt på vassfast og rivesikkert plastpapir.

Kartdata overalt rundt deg

M711-karta blei i 2015 lansert som «Nasjonalt beredskapskart Norge 1:50 000/M711». No er Politiet og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap med i samarbeidet om å etablere og trykke karta. I avtalen om nasjonalt beredskapskart får også private og lokale organisasjonar som Røde kors og Norsk folkehjelp tilgang til papirkarta ved behov.

Fem menneske frå Røde Kors sjekkar kart og kompass i vinterver på Finse.
BEREDSKAPSKART: Kart og kompass er viktige hjelpemiddel i søk og redning for organisasjonar som Røde Kors, i tillegg til anna nasjonal beredskap. Foto: Røde Kors/Nora Alette Sandberg
 

I 2014 vedtok regjeringa at Kartverket skal slutte å trykke og distribuere papirkart. Frå da av er det godkjente forhandlarar i inn- og utland som plottar kart på førespurnad frå dei som vil kjøpe papirkart. POD-tenesta, print on demand, er ein realitet.

Dame på fjelltur i Jotunheimen ser i turkartet på sin mobil. Foto
MOBILKART: Vår kartapp «Hvor?» gir deg kart tilsvarande den topografiske hovudkartserien M711/Noreg 1:50.000 rett på mobilen – heilt gratis – også når du ikkje har dekning. Foto: Hanna Hauan
 

Kartverket er framleis ansvarleg for å oppdatere karta. Innhald er opent tilgjengeleg både i eigne tenester som Norgeskart.no og den gratis mobilappen «Hvor?» – og hos mange andre som tilbyr kart og karttenester. Gjennom samarbeid med andre offentlege etatar blir kartdataa fortløpande oppdatert og korrigert i ein felles kartdatabase.

Det er ei løysing som den gamle NGO-direktøren neppe såg føre seg, verken i sine mareritt eller i sine beste draumar.

Historiske milepålar for M711

1949: Forsvaret legg fram dei første planane om ein militær kartserie over heile landet i målestokk 1:50.000. Hærens kartkontor startar arbeidet.

1952: Amerikanske Army Map Service (AMS) trykkjer ein svart-blå førsteutgåve av kartserien Sør-Noreg. Ca. 560 av 727 kartblad blir utgitt.

1955: Ny-kartlegging med flyfotografering og feltkontroll året etter. Første nye utgåve av kartblad (1212-3 Nærbø) blir utgitt i 1962.

1983: Forprosjekt for meir rasjonell kartrevisjon i samarbeid med Kartverket (som da het NGO) og svenske Lantmäteriverket, med EDB-konstruksjon, fotosetting av symbol og namn og datastyrt utteikning.

1986: 16 soldatar omkom i eit skred i Vassdalen. Forsvarets øvingsrutinar skjerpast, mellom anna ved å etablere eigen skredkartserie (M711 SK) som obligatorisk verktøy for seinare vinterøvingar.

1988: 215 år etter at statens kartoppmåling starta, er den første topografiske serien komplett når kart nr. 727 blir utgitt. Systematisk kartrevisjon etablerast og digital produksjon reduserer revisjonstida.

1990: M711 skiftar geodetisk datum til World Geodetic System 1984 (WGS84). Alle dei 727 karta trykkast på nytt i åra 1990–1995.

1997: Den digitale kartdatabasen N50 Kartdata blir etablert i perioden fram til desember. 2000. Det landsdekkjande kartgrunnlag for papirkartserien effektiviserer produksjonen.

2005: Sjøinnhald blir inkludert på dei 380 karta som dekkjer kyst og fjord, for å gi betre informasjon til styrkane som opererer i kystmiljø. Karta trykkast i åra 2005–2012.

2015: M711 blir nasjonalt beredskapskart Norge 1:50 000/M711, da Politiet og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) blei med. Kartverket ajourfører 60 av 727 kartblad årleg.

2018: Til militærøvinga Trident Juncture blei det trykt 1,6 millionar Noreg 1:50 000/M711-kart. 107 av 727 M711-kartblad var ein del av øvinga.

2022: M711-serien feirar 70 år.

Kartverket 1773-2023. Samfunnsnytte gjennom 250 år. Vignett.

Fakta om M711 Kartserien Noreg 1:50.000

M711-serie fylte 70 år i 2022.

Den mest detaljerte kartserien som dekkjer heile fastlands-Noreg.

M711 står for:

  • M = Europa (regionalt område)
  • 7 = målestokk (1:50.000)
  • 11 = eintydig løpenummer

Svensk, finsk og russisk område kjem inn på nokre kartblad.

Nasjonalt beredskapskart Norge 1:50 000/M711 blei etablert i 2015.

Brorparten av utforminga i karta er styrt gjennom militære standardar.

Forsvaret har seks spesialversjonar av M711-karta.

Bestille kart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lager kartfiler som forhandlarar trykker for deg.

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar og bestill papirkart her. 

Les meir

Lag ditt eige turkart

Kartverkets turkart «Noreg 1:50 000» kan enkelt skrivast ut gratis via funksjonen «Mitt turkart» i norgeskart.no. Du vel sjølv akkurat kva for eit område du vil lage eit turkart frå.

Saumlaust, nettlaust og gratis mobilkart

Enten du jaktar eller drar på tur i ukjente fjell, har du alltid ein GPS med deg i smartmobilen. I Kartverkets Hvor?-app lastar du ned Noreg 1:50.000 gratis, så har du kart på mobilen i nettlaust terreng.

Historiske kart

Allereie i 1771 starta den første offisielle kartlegginga av Noreg. Du kan laste ned kart-skattar frå Kartverkets historiske arkiv heilt gratis. Over 15.000 kart kan du boltre deg i.

Del