Siste oppdatering

Kartverket kårar Noregs artigaste stadnamn

Kva ligg 8 km vest for Risør, i ei skjerma vik ved øya Barmen? Jo, det er stranda der ein ukjent og uheldig hundeeigar truleg innsåg at han kom til kort med menneskets beste venn – noko som gav uforklarleg opphav til Noregs artigaste stadnamn.

For der stoppar faktisk alle spor og forklaringar på stadnamnet «Der bikkja beit mannen», som dei tilsette i Kartverket no har kåra til Noregs artigaste: I ein uformell konkurranse no i november bad vi dei tilsette først om å komme med forslag til kva dei synest er dei artigaste stadnamna.

Kvifor dei tilsette i Kartverket er så opptatte av stadnamn? Jo, ikkje berre brukar Kartverket stadnamn som grunnlag for kartdata og stadfesting. I tillegg er det Kartverket som forvaltar Sentralt stadnamnregister og kulturminnevernet i lov om stadnamn frå 1991.

Frå Grjotfljått til Oppkastmyra

Blant dei 70 forslaga som kom inn i første del av konkurransen, var det godsaker frå heile landet:

Alt frå tungekrøllande og uforståelege namn som Grjotfljått (Eidfjord) og Urutlekråi (Årdal), til… meir lettforklarlege namn som Dritskaret (Sirdal) og Oppkastmyra (Grong, sjølvsagt).

Stadnamn frå tider som var mykje fattigare enn no, så som Luserud (Nes, Grue, Gran m.fl), Loppeborgen (Ringerike) og Skeivstøvelbråtan (også Ringerike) – til stadnamn frå tider som var artigare enn no, så som Moroskyldmyra (Stange), Hygga (Vardø, Drammen m.fl.) og Hurrabekkvegen (Nord-Aurdal). Mykje fyll som i Konjakkbakken (Berlevåg), Sprittjønn (Fyresdal) og Heimbrenten (Kongsvinger), og enno fleire nabokranglar som i Dusterud (Tinn, Flesberg m.fl), Purkestad (Etnedal og Hemsedal) og Gamleeriken (Indre Østfold).

Da Stortissvatnet slo Spermbanken

Det er ikkje alle ord og uttrykk man slepp unna med i offentleg forvaltning, men dei tilsette i Kartverket kan finne trøyst i å forvalte Sentralt stadnamnregister. Det gir eit rikt tilfang og mange moglegheiter til å slå om seg med kraftuttrykk som våre stadsnamnekspertar med varsemd fordeler utover landet og skriv inn i offentlege kartdata.

For det er ingen tvil om at floral folkeleg fantasi er likeleg fordelt over landet når det kjem til kropp og kjønn, så som Knullerne (Larvik), Gjellifitja (Trondheim), Møkkalasset (Fredrikstad, Bodø, Frogn m.fl), Kjerringmigen (Søndre Land) og Kukkeluren (Stad).

Det vart så mykje å velge i, at ein jury måtte tre saman og skrelle ned 16 alternativ som dei Kartverks-tilsette kunne stemme på. I denne finaleavstemminga måtte mellom anna Spermbanken (Nesodden) sjå seg slått av Stortissvatnet (Lierne), som stod opp med ein potent bronseplass.

Uforklarleg vinnar

Andreplassen gjekk til Setersetersetra (Heim kommune), som sjølvsagt grusa det uoppfinnsame Vatnevatnet som du attpåtil finn både i Ålesund, Ørsta og Sunnfjord.

Vinnar i den interne konkurransen vart altså «Der bikkja beit mannen», som trass i ei truleg minnerik oppleving så langt har uforklarleg opphav: Ikkje ein gong stadnamn-boka til Søndeled og Risør historielag har lykkast i å gjere greie for opphavet, trass i at dei ni forfattarane brukte 21 år frå jobben starta i 1996 til boka kom ut i 2017. Ikkje rart at tre av dei gjekk bort i mellomtida.

Trur du ikkje at alle desse namna er verkelege? Du finn dei i Norgeskart.no, der du kan søke etter alle godkjende namn frå Sentralt stadnamnregister.

I desember 2023 hadde vi avstemming på Kartverket.no der alle kunne stemme på kva dei meiner er Noregs artigaste stadnamn. Avstemminga blei avslutta 21. desember, og her kan du lese om kva folk flest meiner er Noregs artigaste stadnamn.

Stadnamn som vekker debatt

Heilt frå 1800-talet har skrivemåten av stadnamn i Noreg vore eit tema i språkdebatten, etter at vi i 400 år hadde vore underlagt Danmark. Framleis handlar skrivemåte om identitet.

Lov om stadnamn blei gjeldande i 1991, da Stortinget heimla kulturminnevernet i lov. Det stadfesta at det offentlege organet som bruker stadnamnet i tenesta, skal fastsette skrivemåten. Det vil seie Kartverket for mange av stadnamna våre, sidan vi alltid har brukt stadnamn i samband med kart.

Les meir om stadnamn på Kartverket.no.

Mange omsyn å ta

Kartverket skal ta fleire omsyn når skrivemåten til eit stadnamn skal fastsettast:

  • Opphaveleg namneobjekt i primærfunksjonen
  • Nedarva lokal uttale
  • Om skrivemåten har vore lenge i bruk, er vel kjend og innarbeidd
  • Normeringspraksis på staden
  • Rettskrivingsreglar
  • Lokale ønske frå dei med uttalerett
  • Og til slutt tilrådingar frå Språkrådet

Lær meir om korleis Kartverket jobbar med stadnamn.

Del
XPPT