Siste oppdatering

Noregs artigaste stadnamn er kåra

Folket har talt! Skrukkefyllhaugen i Sør-Aurdal (Innlandet) tett ved grensa til Flå (Buskerud), er det artigaste stadnamnet i Noreg.

Etter eit par veker med røysting, vann den segnomspunne staden Skrukkefyllhaugen Kartverket sin uoffisielle stadnamn-konkurranse. Siger-namnet danka ut «Der bikkja beit mannen», som var dei Kartverks-tilsette sin favoritt da same avstemming var gjort internt i Kartverket.

Der bikkja beit mannen, som er ei strand i Risør (Agder), fekk likevel ein respektabel 2. plass i den opne avstemminga vår. 3. plassen gjekk til Kukkeluren, som er eit nes i Nordfjord om lag tvers ovafor Sandane lufthamn (Stad kommune, Møre og Romsdal).

Segnomspunne stad

Skrukkefyllhaugen er ein haug og ei gammal busetting i Vassfaret. Haugen ligg på Sør-Aurdal (Innlandet) si side av grensa mot Flå (Buskerud) ved vatnet Skrukkefylla.

Ein av dei siste bebuarane på haugen var Berte Skrukkefyllhaugen (1854–1950). Ho levde der mot slutten av 1800-talet. Skrukkefyllhaugen skal vere ei konkret hytte som brann ned etter fråflytting. I dag er hytta gjenreist.

Lokale rykte skal ha det til at fattigkommisjonen i området var redd for å få dei tidlegare bebuarane som nye kostnader i rekneskapen sin. Derfor skal dei ha brunne opp heile hytta på Skrukkefyllhaugen, før nokon rakk å flytte tilbake. (Kjelde: Wikipedia, Vassfar opplevelser og Hytteavisen)

Stadnamn er kulturminne

Kvifor dei tilsette i Kartverket er så opptatte av stadnamn? Jo, ikkje berre brukar Kartverket stadnamn som grunnlag for kartdata og stadfesting. I tillegg er det Kartverket som forvaltar Sentralt stadnamnregister og kulturminnevernet i lov om stadnamn frå 1991.

Det er ikkje alle ord og uttrykk man slepp unna med i offentleg forvaltning, men dei tilsette i Kartverket kan finne trøyst i å forvalte Sentralt stadnamnregister. Det gir eit rikt tilfang og mange moglegheiter til å slå om seg med kraftuttrykk som våre stadsnamnekspertar med varsemd fordeler utover landet og skriv inn i offentlege kartdata.

Frå Grjotfljått til Oppkastmyra

Blant dei 70 forslaga som kom inn i første del av den interne konkurransen, var det godsaker frå heile landet:

Alt frå tungekrøllande og uforståelege namn som Grjotfljått (Eidfjord) og Urutlekråi (Årdal), til… meir lettforklarlege namn som Dritskaret (Sirdal) og Oppkastmyra (Grong, sjølvsagt).

Stadnamn frå tider som var mykje fattigare enn no, så som Luserud (Nes, Grue, Gran m.fl), Loppeborgen (Ringerike) og Skeivstøvelbråtan (også Ringerike) – til stadnamn frå tider som var artigare enn no, så som Moroskyldmyra (Stange), Hygga (Vardø, Drammen m.fl.) og Hurrabekkvegen (Nord-Aurdal). Mykje fyll som i Konjakkbakken (Berlevåg), Sprittjønn (Fyresdal) og Heimbrenten (Kongsvinger), og enno fleire nabokranglar som i Dusterud (Tinn, Flesberg m.fl), Purkestad (Etnedal og Hemsedal) og Gamleeriken (Indre Østfold).

Dei 16 finalistane

  • Moroskyldmyra (Stange)
  • Setersetersetra (Heim)
  • Der bikkja beit mannen (Risør)
  • Stortissvatnet (Lierne)
  • Grjotfljått (Eidfjord)
  • Nettopp (Gjøvik og Ringsaker)
  • Ururlekråi (Årdal)
  • Kukkeluren (Stad)
  • Skeivstøvelbråtan (Ringerike)
  • Skrukkefyllhaugen ( Flå/Sør-Aurdal)
  • Møkkalasset (Fredrikstad, Bodø, Frogn m.fl.)
  • Spermbanken (Nesodden)
  • Gamleeriken (Indre Østfold)
  • Skvettevatnet (Lærdal)
  • Natronbekken (Sør-Aurdal)
  • Fredagshølet (Hvaler)

Vinnar i den interne konkurransen til Kartverket vart altså «Der bikkja beit mannen», som trass i ei truleg minnerik oppleving så langt har uforklarleg opphav: Ikkje ein gong stadnamn-boka til Søndeled og Risør historielag har lykkast i å gjere greie for opphavet, trass i at dei ni forfattarane brukte 21 år frå jobben starta i 1996 til boka kom ut i 2017. Ikkje rart at tre av dei gjekk bort i mellomtida.

Trur du ikkje at alle desse namna er verkelege? Du finn dei i Norgeskart.no, der du kan søke etter alle godkjende namn frå Sentralt stadnamnregister.

Stadnamn som vekker debatt

Heilt frå 1800-talet har skrivemåten av stadnamn i Noreg vore eit tema i språkdebatten, etter at vi i 400 år hadde vore underlagt Danmark. Framleis handlar skrivemåte om identitet.

Lov om stadnamn blei gjeldande i 1991, da Stortinget heimla kulturminnevernet i lov. Det stadfesta at det offentlege organet som bruker stadnamnet i tenesta, skal fastsette skrivemåten. Det vil seie Kartverket for mange av stadnamna våre, sidan vi alltid har brukt stadnamn i samband med kart.

Les meir om stadnamn på Kartverket.no.

Mange omsyn å ta

Kartverket skal ta fleire omsyn når skrivemåten til eit stadnamn skal fastsettast:

  • Opphaveleg namneobjekt i primærfunksjonen
  • Nedarva lokal uttale
  • Om skrivemåten har vore lenge i bruk, er vel kjend og innarbeidd
  • Normeringspraksis på staden
  • Rettskrivingsreglar
  • Lokale ønske frå dei med uttalerett
  • Og til slutt tilrådingar frå Språkrådet

Lær meir om korleis Kartverket jobbar med stadnamn.

Del
XPPT