There is a license error on this site:
005056B9F863 is not a valid mac-address
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Region- og årsmøte Vestland 2025
Siste oppdatering

Region- og årsmøte Vestland 2025

Også i år har vi gleda av å invitere til Noreg digitalt årsmøte rundt i fylket. Som før planlegg vi for seks årsmøte. Møta vert haldne i perioden 19. mars - 14. mai. Sjå når din region har møte, og meld deg på.

Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region. Dette då presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i. Men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best. Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon.

Vi vil i utgangspunktet berre arrangere fysiske møte. Vi håpar at dei mange møta på ulike plassar gjer at dei fleste kan finne ein dag som passar.

Tidspunkt og stad for møta vert som følgjer:

  • Møte 1, hovudsakleg for kommunane i Midthordland: Onsdag 19. mars 2025, kl. 10-14, på Sted kommer. Påmeldingsfrist 10. mars. Meld deg på her
  • Møte 2, hovudsakleg for kommunane i Nordhordland Onsdag 26. mars 2025, kl. 10-14, på Alver Hotel. Påmeldingsfrist 17. mars. Meld deg på her:
  • Møte 3, hovudsakleg for kommunane i Sunnhordland: Tysdag 8. april 2025, kl. 10-14, på Stord Hotell, Kjøtteinsvegen på Leirvik. Påmeldingsfrist 28. mars. Meld deg på her
  • Møte 4, hovudsakleg for kommunane i Hardanger/ Voss: Torsdag 10. april 2025, kl. kl. 10-14 på Hardangerfjord hotell i Øystese. Påmeldingsfrist 2. april. Meld deg på her
  • Møte 5, hovudsakleg for kommunane i Nordfjord: Tysdag 13. mai 2025, kl. 10-14, på Gloppen Hotell i Sandane. Påmeldingsfrist 5. mai. Meld deg på her
  • Møte 6, hovudsakleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn: Onsdag 14. mai 2025, kl. 11-15, på Thon Hotel Jølster, Skei (merk tidspunkt). Påmeldingsfrist 5. mai. Meld deg på her

Programmet vil som vanleg bli litt generell info, geovekst og FDV frå fylkeskartsjef Anne Lien, matrikkel frå Beate Gunn Hernar, plan/ tema frå Aase Midtgaard Skrede, og FKB frå Kristian Aune. Det vert óg tid til dialog og spørsmål.

Vi gler oss til å sjå dykk, og ønsker velkomen med di påmelding.

Del
XPPT