Kartverket Til lands Fakta om Noreg Fakta om Noreg Kartverket er ei viktig kjelde til offisiell informasjon om norsk geografi, om alt frå kommunar og fylke til fjelltoppar, djupaste fjordar og landets midtpunkt. Finn fakta Høgaste fjell i kvar kommune Å samle fjelltoppar er ein stor hobby for mange. Her finn du dei høgaste fjelltoppene i kvar kommune. Planlegg din neste fjelltur! Norske fylke og kommunar Frå 2024 har Noreg 15 fylke og 357 kommunar. Sjå heile oversikta og finn kommune- og fylkesnummer her. Kor stort er Noreg? Kartverkets arealstatistikk viser at Noreg, inkludert Svalbard og Jan-Mayen, er 385 207 kvadratkilometer. Største kommune er 1500 gonger større enn den minste. Ein stad går grensa Kartverket forvaltar alle riksgrensene, fylkes- og kommunegrensene og underliggjande kretsar. Sommaren 2020 starta arbeidet med å gå opp grensa mellom Noreg og Sverige, og arbeidet er venta å vere ferdig i 2024. Nyttig Ytterpunkta Veit du kor Noregs nordlegaste, sørlegaste, austlegaste og vestlegaste punkt er? Oversikta vår omfattar både fastlands-Noreg, øyene rundt, Svalbard og Jan Mayen. Største øyer Veit du kva for øyer som er størst i Noreg? Vi har laga ei oversikt med dei 100 største øyene i Noreg, med unntak av Svalbard. Midtpunktet i Noreg Kartverket har finrekna: Midtpunktet i Noreg, også kalla arealtyngdepunkt, ligg i Trøndelag, nærare bestemt ved Steinkjer. Her er lista med midtpunkt i alle norske fylke og kommunar. Det mest aude punktet i kvar kommune Dreg du til audemarka for å kjæle med din eigen Lars Monsen-spire? Kartverket har funne dei mest aude punkta i alle norske kommunar. Dei maritime grensene Noreg som kyststat har rett til ressursar i havet. Kartverket reknar ut grensene for dei ulike områda kor Noreg etter internasjonale reglar har ulike rettar. Arkiv for grenser i kommunar og fylke Dei siste åra er fleire kommuner og fylke slått saman. Kartverket har det mest samla grensearkivet som viser korleis grenser er endra og fastsett. Del Tips en venn om denne siden Til Fra Send e-post Lukk E-posten er sendt Fakta om Noreg Til lands
E-posten er sendt