EHF-faktura for føretak
Profesjonelle føretak som tinglyser ofte kan velje å få faktura tilsendt som EHF-faktura. Det er også mogleg å få tilsendt samlefaktura.
EHF-faktura
Kartverket leverer fakturaer i EHF-format, som er statens format for elektronisk fakturering. EHF-fakturaer blir levert gjennom meldingssentralen www.sendregning.no. Her kan mottakaren hente og lese fakturafiler i deira system. Kunder som ynskjer å få EHF-fakturaer må ha eit organisasjonsnummer som er registrert i ELMA-registeret.
Bli brukar EHF-faktura
For å bli brukar av EHF-faktura kan du sende ein e-post til regnskap@kartverket.no. I e-posten må du skrive namnet på føretaket og organisasjonsnummeret som er registrert i ELMA-registeret.
Samlefaktura på papir
Ein faktura fra Kartverket vil vanlegvis innehalde alle krav som er registrert hjå Kartverket same dag. I store firma eller offentlige etatar, der mange sender inn dokument til tinglysing, kan føretaket samle fakturaene på ein annan måte. Kartverket tilbyr fyljande samlefakturaer:
- Krav samla per dag (normalen)
- Krav samla per dokumentnummer
- Krav samla per kundereferanse
- Krav samla per matrikkeleining
Dersom du ynskjer ein bestemt type samlefaktura frå Kartverket, kan du sende ein e-post til regnskap@kartverket.no. Du må skrive organisasjonsnummeret og kva fakturatype du ynskjer.
E-posten er sendt