Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Hus i bygdeby.
EIGEDOM. Kartverket har store mengder data om eigedomar, bygningar og adresser. Foto: Sveinung Engeland
Last updated

Eigedom og adresser

Kartverkets eigedomsinformasjon er gratis og spenner frå eigedomsoverdragingar, hefte og andre rettar i eigedom registrert i grunnboka, til adresser og annan informasjon om ein eigedom i det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkelen).

Kartverkets eigedomsinformasjon er tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Det gjer at til dømes verksemder som følgjer eigedomsmarknaden eller som lagar navigasjonssystem til køyretøy (GPS-en i bilen), kan kople seg direkte opp til registera og oppdatere datagrunnlaget fortløpande.

Finn data Her får du tak i eigedomsdata

Verksemder som vil søkje om tilgang til matrikkel- og grunnbok-API, kan kontakte oss på telefon 32 11 80 00 eller e-post post@kartverket.no.

Noreg digitalt-partar kan søkje om tilgang i eige matrikkel-søknadsskjema for Noreg digitalt.

Eigedomsdata tilgjengeleg for alle finn du på Geonorge:

OPNE EIGEDOMSDATA

Her finn du adressedata.

Er du privatperson og berre vil sjå all registrert informasjon om eigen eller andres eigedom, kan du gjere dette gratis på Se eiendom.

For å kople seg opp mot matrikkelen (eigedomar og bygningar) og grunnboka (tinglyste rettar og hefte) gjennom API, må ein søkje om å få tilgang. Verksemdene som får slik tilgang, må oppfylle visse krav som blir stilt i ei eiga utleveringsforskrift (Lovdata), og dei må skrive under på ein avtale med Kartverket.

Departementet har laga ein rettleiar til utleveringsforskrifta. Denne rettleiaren er ikkje oppdatert med omsyn til nylege endringar i forskrifta. Kartverket vil komme tilbake med nærare rettleiing rundt regelverket for utlevering av eigedomsdata når ein oppdatert rettleiar er publisert.

Partar i Noreg digitalt må også søkje om tilgang til matrikkelen.

Alternativt kan ein kjøpe tilrettelagde data av ei anna verksemd som har avtale med Kartverket.

Bruksområde

Matrikkelen og grunnboka inneheld ei rekkje opplysningar som er nødvendige for planlegging, utbygging, statistikk, bruk og vern av fast eigedom. Data frå matrikkelen og grunnboka kan også nyttast i nye tenester som gir publikum og profesjonelle i eigedomsmarknaden enkel tilgang til eigedomsinformasjon.

Adresser er nøkkelinformasjon i mange informasjonssystem. Adressedata er eigna til bruk i til dømes bilnavigasjonssystem, kart, presentasjonar, analyse og statistikk. Kopla saman med kor folk bur (folkeregisteret), kan adressedata brukast mellom anna til samfunnsanalyser og til ei rekkje andre samfunnsnyttige føremål.

Informasjonen frå grunnboka er sentral i både finans- og eigedomsmarknaden, og elektronisk tilgang kan brukast for å lage meir effektive prosessar og kanskje også nye produkt.

Produkteigenskapar

Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, og omfattar mellom anna bygningar, bustader/brukseiningar, fysiske adresser og eigedomar med eigedomsgrenser. Registeret inkluderer data om grunnforureining og kulturminne og informasjon frå folkeregisteret og enhetsregisteret.

Grunnboka er registeret over alle tinglyste rettar og hefte på fast eigedom og andelar i burettslag.

Format og API

Frå matrikkelen og grunnboka har vi følgjande API og tenester som ein kan søkje om tilgang til:

  • Spørjetenester for uthenting av data i små og store mengder
  • Endringslogg for å oppdatere lokal kopidatabase
  • WMS/WFS, kartbilete med eigenskapar/ geometri
  • Geointegrasjons-API
  • Førehandsdefinerte utskrifter levert som pdf

Matrikkel-API har teknisk dokumentasjon her. Det krevst god kjennskap til matrikkelens interne modell og funksjonaliteten i API-et for å programmere mot dette. Her er teknisk dokumentasjon for grunnboka.

I tillegg leverer vi fritt tilgjengeleg adresser, bygningspunkt og eigedomskart som hyllevare på geodata-formata FGDB, GML, PostGIS og SOSI, samt WMS og WFS. Adressedata blir i tillegg levert på CSV-format og i eit REST-API.

Rettleiing

Vi har laga ei eiga brukarrettleiing til rest-API for hurtigsøk på adresser.

 

Share

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.