Både Kartverket og Kystverket får stadig førespurnader frå hamner og kaieigarar som ynskjer informasjon om djupne. No har dei to etatane gått samen for å utvikle ein ny rettleiar, som skildrar korleis ein aktør bør gå fram for å kjøpe godkjente djupnemålingar utanfor eit område eller ei kai.

Informasjon om djupne – Vi ser at fartøya blir stadig større, medan hamnene stort sett har same storleik. Mange ønskjer meir djuptgåande for å få meir last med seg ut frå hamna. Data om djupne vert difor etterspurt i samband med nyetablering av kaier, mudring utanfor kaianlegg eller for prøve å få inn større fartøy. Då treng det høy detaljeringsgrad og god kvalitet på informasjon om djupne, fortel Erik Blom, losdirektør i Kystverket. Føremålet med rettleiaren er at kaieigarar og andre interessentar som samlar djupnedata skal nytte seg av sertifiserte oppmålarar, slik at både lostenesta og sjøfarande elles kan få tilgang til betre data om djupne via offisielle ENC-er.

– Djupnemålingane vil på denne måten inngå i offisielle navigasjonskart og dermed kunne nyttast av både skipsfart og losar, understrekar Odd Sveinung Hareide i Kystverkets lostjeneste.

Sertifiserte oppmålarar Rettleiaren er utvikla av sjødivisjonen i Kartverket saman med Kystverket. Kartverket har også fått  innspel frå sertifiserte oppmålarar som Wise Survey og GeoSubSea.

– Kartverket har etablert ei frivillig godkjenningsordning for private selskap innan sjømåling og behandling av hydrografiske data. Førebels er det dei to nemnde selskapa i Noreg som er godkjent for å hente inn djupnedata, prosessere desse og levere dei til Kartverket for inkludering på offisielle nautiske produkt, seier Jan Torstein Ådland i Kartverket Sjødivisjonen.

Artikkelen var fyrste gong publisert på Kystverket sine nettsider.  

Last ned rettleiaren her

Sjå filmen om Kartverket sine djupnedata