Siste oppdatering

Merkesesongen er i gang

Dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som målar kvite firkantar på bakken. Ta dei godt imot, og la fastmerka vere i fred.

Det er eit sikkert vårteikn å treffe på ein landmålar som målar inn fastmerke i nabolaget, på gangstien eller langt utpå jordet. Merka er kvite firkantar, enten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. Desse er nødvendige for flyfotograferinga.

Uventa gjester på besøk

Hæ? Kan du få folk med landmålingsutstyr og malingsspann i neven inn i hagen din? Neida, huset og hagen din får du ha i fred. Men eig du ein veg eller annan eigna stad for «signalering» som det heiter på fagspråket når ein sett opp fastmerke for å måle inn flyfoto, kan det hende du får gjester på eigedomen din.

Matrikkelloven gir lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn. Men du skal likevel kunne rekne med at landmålarane tek omsyn når dei jobbar.

En landmåler maler en hvit firkant med svart ramme rundt på asfalten. Dette blir et singnalert punkt, et fastmerke, som er nødvendig når vi tar flyfoto. Foto: Pers Oppmåling, Kartverket
VÅRTEIKN: Landmålarar kjem til å måle mange fastmerke rundt om i landet i vår. Midt i firkanten er det ein spiker eller bolt som dei «signalerar» og målar inn. Desse merka er nødvendig når vi tar flyfoto av terrenget. Foto: Pers Oppmåling, Kartverket

Vårens vakraste oppdrag

Det er opphaldsvêr og tørt terreng. Etter å ha funne flat og fast grunn samt rydda bort forstyrrande vegetasjon, set landmålaren i gong med å hamre inn ein høveleg spiker.

Fram med målarkosten og kvitmalinga. Spikaren skal signalerast og målast inn. Ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt blir måla på bakken, og landmålaren målar inn fastmerket med sitt utstyr.

No skal flyet ha fri sikt inn til den kvite firkanten. Klart til å kartlegge.

Takk for hjelpa!

Plasseringa til fastmerka er planlagt på førehand, men nokre tilpassingar må landmålarane gjere i felt. Alle merka må plasserast der det er føremålstenleg for kartlegginga.

– Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekker til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er fellesskapets ressursar i arbeid. Vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, oppmodar Jon Otter Skaaret i Kartverket.

Signalert-fastmerke-langs-veg_Foto_Pers-Oppmaaling_Kartverket.jpg
LANGS VEG: Du har kanskje sett slike kvite firkantar i nabolaget, langs vegen eller på gangvegen? Nye kvalitetskrav betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover. Foto: Pers Oppmåling

Her skal det fotograferast

Kartverkets verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Det eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet, der 15.000 – 16.000 km2 skal fotograferast i 2024: Scroll ned på sida til fylkesoversikten for å sjå planane for kvart fylke.

Det andre er den rullerande fotograferinga (omløpsfotografering) som skjer over heile landet. Der skal 127.000 km2 fotograferast i 2024.

Vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.

Pappsignal.jpg
PAPP-PLATER: Finn du slike signalete fastmerke er det viktig at dei får ligge i fred. Foto: Pers Oppmåling, Kartverket
SignaleretBolt.jpg
BOLT: I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Foto: Pers Oppmåling, Kartverket

Fakta Fastmerke

Fastmerka er signalerte punkt som er nødvendig når vi tar flyfoto av terrenget.

Signaleringa består av kvite firkantar, anten kvitmåla eller i form av plater montert på bakken. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell.

Merka målast inn av landmålarar.

Nye kvalitetskrav gjer mange eksisterande fastmerke ubrukelege. Det betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover.

Matrikkelloven gir ein lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn.

Kontakt

XPPT