Stor interesse og solid innsats i prosjekta i år
Som tidlegare år var interessa for prosjekta stor. Sjølv om ikkje alle fekk tildelt så mykje midlar som dei ønskte, kom heile 29 prosjekt i gang etter fleire rettleiingskurs.
I mai og juni 2025 vart det gjennomført eitt fysisk og to digitale kurs. Kort tid etter kursa starta kartleggingssesongen for dei fleste deltakarane.
Som vanleg oppstod det nokre tekniske utfordringar i oppstarten og undervegs, men desse vart løyste takka vera tolmodige deltakarar og tett dialog med Kartverket. Prosjekta vart avslutta i slutten av oktober, og deltakarane har byrja å skriva rapportane sine. Dei blir leverte i november.
Høg tilfredsheit
Tilbakemeldingane viser høg tilfredsheit, Mange uttrykkjer glede over å ha fått styrkt kompetansen sin innan tilgjengelegheit og universell utforming, både i tettstader og friluftsområde.
Verdifulle datasett for planlegging av tiltak
Datasettet som er samla inn, viser seg å vera verdifullt. Ikkje berre for å kartleggja status i kommunen, men også som grunnlag for planlegging av tiltak, framtidig samfunnsutvikling, informasjon til innbyggjarar og for å fremja tverrfagleg samarbeid internt i kommunen.
Resultata blir presentert på seminarer
Resultata frå årets arbeid blir presenterte på fleire konferansar og seminar gjennom hausten
- 24.10. Oslo; Barrierefri-konferansen presentert av Unge funksjonshemmede. Sjå streaminga her: Barrierefri-konferansen 2025 (youtube.com)
 - 4.11., Oslo; Seminar - Godt tilgjengelege turar og friluftsliv presenterte av Den Norske Turistforening (DNT)
 - 2.12., Oslo; Frukostseminar i regi av Ungfunk og KS i samband med FN dagen for personar med nedsett funksjonsevne
 
Du finn alle detaljar om tilgjengelegheit og universell utforming på ressurssida vår under.
E-posten er sendt