Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Stor interesse i år for å kartlegge tilgjengelegheit

Som tidlegare år var det stor interesse for midlar til å kartlegge universell utforming. Sjølv om ikkje alle fekk tildelt så mykje midlar som dei ønskte, kom heile 29 prosjekt i gang etter fleire rettleiingskurs.

I mai og juni 2025 vart det gjennomført eitt fysisk og to digitale kurs. Kort tid etter kursa starta kartleggingssesongen for dei fleste deltakarane.

Som vanleg oppstod det nokre tekniske utfordringar i oppstarten og undervegs, men desse vart løyste takka vera tolmodige deltakarar og tett dialog med Kartverket. 

Høg tilfredsheit

Prosjekta vart avslutta i slutten av oktober, og deltakarane har byrja å skriva rapportane sine. Dei blir leverte i november.

Tilbakemeldingane viser høg tilfredsheit. Mange er glade over å ha fått styrkt kompetansen sin innan tilgjengelegheit og universell utforming, både i tettstader og friluftsområde.

Verdifulle datasett for planlegging av tiltak

Datasettet som er samla inn, viser seg å vera verdifullt. Ikkje berre for å kartlegge status i kommunen, men også som grunnlag for planlegging av tiltak, framtidig samfunnsutvikling, informasjon til innbyggarar og for å auke tverrfagleg samarbeid internt i kommunen.

Resultata blir presentert på seminarer

Resultata frå årets arbeid blir presenterte på fleire konferansar og seminar gjennom hausten:

  • 24.10. Oslo: Barrierefri-konferansen presentert av Unge funksjonshemmede. Sjå video her: Barrierefri-konferansen 2025 (youtube.com)
  • 4.11., Oslo: Seminar - Godt tilgjengelege turar og friluftsliv presenterte av Den Norske Turistforening (DNT).
  • 2.12., Oslo: Frukostseminar i regi av Ungfunk og KS i samband med FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne.

Du finn alle detaljar om tilgjengelegheit og universell utforming på ressurssida vår under.

Share
XPPT