Siste oppdatering

Underteikna samarbeidsavtale om kartproduksjon

Formalisert samarbeid mellom Kartverket og Norsk Polarinstitutt skal framme meirverdi av kunnskaps- og kartproduksjonen til etatane.

Skrevet av Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Kartverket og Norsk Polarinstitutt er begge statlege forvaltingsorgan som er underlagt høvesvis Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Institusjonane har samarbeidd i ei årrekkje, men først no formaliserar dei dette. Målet er at ein samarbeidsavtale skal bidra til at oppgåver blir løyste på ein mest mogleg effektiv måte.

Direktør Ole Arve Misund frå Norsk Polarinstitutt og kartverkssjef Johnny Welle signerar samarbeidsavtale.
AVTALE: Direktør Ole Arve Misund frå Norsk Polarinstitutt og kartverkssjef Johnny Welle signerte samarbeidsavtalen i Tromsø 27. september. Foto: Steinar Vaadal

I avtalen blir det lagd til rette for utveksling av metodar, instrument og data. Heilt sentralt står fagleg prosjektsamarbeid med rådgiving, dataforvaltning, forsking, logistikk og formidling innanfor kompetanse- og ansvarsområda til etatane.

Partnarane skal òg danna eit samarbeidsutval. Som ei forlenging av samarbeidet skal det lagast underavtalar om utvalde delar av etatsverksemda, til dømes:

  • Samarbeid knytt til forskings- og kartleggingsprosjekt i dei norske polarområda
  • Samarbeid med omsyn til logistikk og bruk av instrument og utstyr
  • Samarbeid og arbeidsdeling om gjeld rådgivingsfunksjonen

Les nyheita på npolar.no.

 

Del