Underteikna samarbeidsavtale om kartproduksjon
Formalisert samarbeid mellom Kartverket og Norsk Polarinstitutt skal framme meirverdi av kunnskaps- og kartproduksjonen til etatane.
Skrevet av Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt
Kartverket og Norsk Polarinstitutt er begge statlege forvaltingsorgan som er underlagt høvesvis Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Institusjonane har samarbeidd i ei årrekkje, men først no formaliserar dei dette. Målet er at ein samarbeidsavtale skal bidra til at oppgåver blir løyste på ein mest mogleg effektiv måte.
I avtalen blir det lagd til rette for utveksling av metodar, instrument og data. Heilt sentralt står fagleg prosjektsamarbeid med rådgiving, dataforvaltning, forsking, logistikk og formidling innanfor kompetanse- og ansvarsområda til etatane.
Partnarane skal òg danna eit samarbeidsutval. Som ei forlenging av samarbeidet skal det lagast underavtalar om utvalde delar av etatsverksemda, til dømes:
- Samarbeid knytt til forskings- og kartleggingsprosjekt i dei norske polarområda
- Samarbeid med omsyn til logistikk og bruk av instrument og utstyr
- Samarbeid og arbeidsdeling om gjeld rådgivingsfunksjonen
The mail has been sent!