Region- og årsmøte Midthordland
Kartverket Vestland inviterer til Noreg digitalt årsmøte (FDV-møte) for kommunane i Midthordland. Påmeldingsfrist 10. mars.
Her kan du melde deg på Region- og årsmøte som hovudsakleg er for kommunane i Midthordland.
Programmet vil som vanleg bli litt generell info, geovekst og FDV frå fylkeskartsjef Anne Lien, matrikkel frå Beate Gunn Hernar, plan/ tema frå Aase Midtgaard Skrede, og FKB frå Kristian Aune. Det vert óg tid til dialog og spørsmål.
Vi gler oss til å sjå dykk, og ønsker velkomen med di påmelding.
Kva om eg ikke kan denne dagen?
Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region. Dette då presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i.
Men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best. Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon.
Vi vil i utgangspunktet berre arrangere fysiske møte. Vi håpar at dei mange møta på ulike plassar gjer at dei fleste kan finne ein dag som passar.
Her kan du sjå tidspunkt og stad for alle møta:
E-posten er sendt