Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Vestland

Fylkesgeodataplanen med tilhøyrande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke 1. november 2023. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Noreg digitalt i Vestland fylke

Vestland fylke har krevjande terreng og røft klima. Ekstremvér kjem stadig oftare, og halvparten av alle skred i Noreg går i fylket vårt. Utfordrande infrastruktur med store avstandar, lang kystlinje, mange bruer og tunnelar, set store krav til gode geodata. Noreg digitalt-samarbeidet i Vestland fylke jobbar for å bygge ein geografisk infrastruktur som kan støtte arealforvaltning og beredskap i regionen.

Satsingar i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:

Sikre samordning mot aktivitetar i nasjonal geodatastrategi

  • Holde oss orientert om aktivitetar i geodatastrategien.
  • Vere ein aktiv bidragsytar til å koma med innspel til nasjonale satsingar.

Regionale satsingsområde

  • Ajourføre Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH) i samband med Geovekst – kartleggingsprosjekt. Arbeide for sentral finansiering til vidareføring av NDH. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data vert mellom anna brukt til å berekne flaumsoner, skredfare og stormflohøgder. Samt til generering av dreneringslinjer og forbetring av FKB-data. Etter kvart som dei er klare blir data lagt ut på www.hoydedata.no (tiltak 8 i nasjonal geodatastrategi).
  • Auka fokus på vatn i planperioden, som temadatasett dreneringslinjer og kvalitetsbetring av FKB-vann.
  • Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon.
  • Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag. Dette bygger opp om tiltak 9 Vidareutvikle detaljerte grunnkart (FKB) for framtida, i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast.
  • Halde fram med å heve kvaliteten på det offentlege kartgrunnlaget (DOK) (Tiltak 3 Nasjonal geodatastrategi).
  • Kvalitetsheving av matrikkelen bør prioriterast. Data frå matrikkelen inngår i ei rekkje prosessar og økosystem hos offentlege og private aktørar. Det er derfor viktig at matrikkelen har riktig datainnhald og datakvalitet til å ta vare på samfunnsprosessar og brukarbehov.
  • Eit nytt FKB-datasett, FKB-Havn, skal etablerast i fleire hamner i fylket. Arbeidet skjer i samarbeid med Sjødivisjonen i Kartverket og dei einskilde havnevesen. Målet er ei felles standard for hamneobjekt frå mellom anna Kystverket, Forsvaret og kommunane. Via SFKB kan data distribuerast til partane.
  • Store områder i fjell og mindre sentrale strok har FKB-C og FKB-D data av mindre god kvalitet. Det skal difor satsast på å bruke 2. omdrev med 25 cm omløpsfoto som grunnlag for å konstruere FKB-C i desse områda.
  • Marine grunnkart er eit svært viktig forvaltingsverktøy for kystområda våre. Det er eit ope spørsmål om ein skal satse på lokale prosjekt i planperioden, eller vente på ei nasjonal satsing. Ettersom Vestland er eit marint tyngdepunkt i Noreg er det viktig å følgje opp emnet gjennom Geodataplanen sin fireårsperiode. Dette bygger opp om tiltak 6 Etablere marine grunnkart i kystsonen.
  • FGU og PTU støttar prosjektet NYVEST. Metodar for naturdata og arealrekneskap. For å vise effektar av samspel mellom natur og klima på Vestlandet. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, NINA og Vestlandsforsking.

Geodataplanen sin oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje omfattast av samarbeidet, er ikkje ein del av denne planen.

Planen har av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Det gir ei kort innføring i korleis ND-samarbeidet er organisert, og dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt. Prosjekt i regi av Geovekst-samarbeidet finn du i ein egen oversikt nedst.

Kontakt

Del
XPPT