Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Fylkesgeodataplan for Vestland

Fylkesgeodataplanen med tilhøyrande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke 1. november 2024. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Vestland fylke har krevjande terreng og røft klima. Ekstremvér kjem stadig oftare, og halvparten av alle skred i Noreg går i fylket vårt. Utfordrande infrastruktur med store avstandar, lang kystlinje, mange bruer og tunnelar, set store krav til gode geodata. Noreg digitalt-samarbeidet i Vestland fylke jobbar for å bygge ein geografisk infrastruktur som kan støtte arealforvaltning og beredskap i regionen.

Satsingar i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:

Sikre samordning mot aktivitetar i nasjonal geodatastrategi

  • Holde oss orientert om aktivitetar i geodatastrategien.
  • Vere ein aktiv bidragsytar til å koma med innspel til nasjonale satsingar.

Regionale satsingsområde

  • Ajourføre Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH) i samband med Geovekst – kartleggingsprosjekt, og arbeide for sentral finansiering til vidareføring av NDH. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data vert mellom anna brukt til å berekne flaumsoner, skredfare og stormflohøgder, til generering av dreneringslinjer og forbetring av FKB-data. Etter kvart som dei er klare blir data lagt ut på www.hoydedata.no . Dette bygger opp om tiltak 8 Nasjonal detaljert høgdemodell i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Fokus på vatn i planperioden med etablering temadatasett dreneringslinjer og kvalitetsbetring av FKB-vann. Kvalitetsbetring FKB-vann er fullført i dei fleste kommunane i fylket, eit par kommunar står for tur, og datasetta må publiserast ut i Geonorge. Det lokale arbeidet med vatn støttar opp om «Blåstrukturkart», som er ei nasjonal satsing koordinert av Kartverket. Satsinga bidreg til klimatilpassing ved etablering av datasetta RisikopunktFlom, dreneringslinjer, kvalitetsheving FKB-vann og felles arkitektur for forvaltning, deling og dataflyt.
  • Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon.
  • Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag. Dette bygger opp om tiltak 9 Vidareutvikle detaljerte grunnkart (FKB) for framtida, i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast
  • Halde fram fokuset på lokale DOK-data for å bygge opp under tiltak 3 Heve kvaliteten på det offentlege kartgrunnlaget (DOK), i handlingsplanen til nasjonal geodatastrategi.
  • Kvalitetsheving av matrikkelen bør prioriterast. Data frå matrikkelen inngår i ei rekkje prosessar og økosystem hos offentlege og private aktørar. Det er derfor viktig at matrikkelen har riktig datainnhald og datakvalitet til å ta vare på samfunnsprosessar og brukarbehov.
  • Ein del områder i fjell og mindre sentrale strok har FKB-C og FKB-D data av mindre god kvalitet, og ein vil bruke 2. omdrev med 25 cm omløpsfoto som grunnlag for å nykonstruere FKB-C i desse områda. Store delar av fylket har no fått FKB-C i god kvalitet, men Nordfjord, Sunnfjord og delar av Sogn står snart for tur i dette arbeidet.
  • Marine grunnkart er eit svært viktig forvaltingsverktøy for kystområda våre. Det er håp om ei nasjonal satsing på dette, og ettersom Vestland er eit marint tyngdepunkt i Noreg er det viktig å følgje opp dette gjennom Geodataplanens fireårsperiode. Dette bygger opp om tiltak 6 Etablere marine grunnkart i kystsonen. Det vart ikkje gitt finansiering til ei nasjonal satsing i 2024, men det er levert inn eit nytt satsingsforlag på dette for 2025. .

Geodataplanen sin oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje omfattast av samarbeidet, er ikkje ein del av denne planen.

Planen har av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Det gir ei kort innføring i korleis ND-samarbeidet er organisert, og dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt. Prosjekt i regi av Geovekst-samarbeidet finn du i ein egen oversikt nedst.

Handlings- og kartleggingsplan plan kjem.

Kontakt

Share
XPPT