Siste oppdatering

Historiske ortofoto i Tysvær

Det er laga historiske ortofoto av 23 eldre flybilete i Tysvær kommune. Bileta er tatt i perioden 1967 – 1998, og dekker heile kommunen.

Nyttig verktøy i planlegging

Eldre historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser ofte mange opphavelege landskapselement før moderne naturinngrep.

Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging. Til dømes i høve skred, flaum og havnivåendring, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte. Dei vil også være til nytte for historieinteresserte privatpersonar.

Historiske ortofoto i Tysvær

Flyoppgåvene er lagt ut på norgeibilder.no

Her har dei fått kvart sitt prosjektnamn:

Kvalitet på bileta

Det anna krav til nøyaktigheit og kvalitet for historiske ortofoto enn for ortofoto produsert frå flybilder i dag. Det er derfor noko større avvik mellom FKB-data og dei historiske ortofotoa enn vi er vane med. Dette er særleg tydeleg i ytterkant av flyoppgåvene, og i område der det har vore store endringar i terrenget.

Ortofoto er produsert av Hexagon (tidlegare Cowi).

Del
XPPT