Historiske ortofoto
Alle flyoppgåvene frå prosjektet «Historiske ortofoto M&R 2021» er no ferdig. Du kan sjå ortofotoa i innsynsløysinga norgeibilder.no.
Fleire historiske ortofoto
Ønske om ny runde med historiske ortofoto kom frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Geovekst-partane i fylket ville vere med, og i 2021 starta vi. Til saman er det over 8 600 flyfoto med i dette prosjektet, fordelt på 75 flyoppgåver frå tidsperioden 1957-2004.
Kartverket skanna desse flybileta i 2021. Oppdraget med å produsere ortofoto vart sett vekk til kartleggingsfirmaet Field Group AS. Alle bileta ligg no ute på norgeibilder.no.

Kvalitet på bileta
Dagens standard krev ikkje same stadfestingsnøyaktigheit og biletkvalitet for historiske ortofoto som for dei produsert frå flybilete. Det er derfor noko større avvik mellom FKB-data og dei historiske ortofotoa enn vi er vane med. Dette er særleg tydeleg i ytterkant av flyoppgåvene. Men òg i område der det har vore store endringar i terrenget. Vi har valt å ikkje klippe vekk område i ytterkantane sjølv der det er store avvik. Dette då bileta uansett kan ha verdi for brukarane.
Ferdige ortofoto
Alle ortofotoa er no klare. Sjå kva for flyoppgåver som er med i din kommune i oversikten under.
Nyttig verktøy i planlegging
Eldre historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser ofte mange opphavelege landskapselement før moderne naturinngrep.
Skredsoner og skredvifter i beitelandskap er gjerne godt synlege. Bekkar og vassdrag følgjer i stor grad sine naturlege løp med intakte flaumsoner. Difor kan bileta gi verdifulle innspel i arbeidet med klimatilpassing. Blant anna der ein har hatt stor byggeaktivitet nær skredvifter, elveløp og på elvedelta.
Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve til m.a.:
- skred
- flaum og havnivåendring
- planarbeid og sakshandsaming
- forsking og jordskifte
Dei vil også være interessante for historieinteresserte privatpersonar.
E-posten er sendt