Siste oppdatering

Status kartlegging i Møre og Romsdal

Her finn du ein oversikt over pågåande kartleggings-prosjekt i regi av Geovekst i fylket.

Kva er Geovekst?

Geovekst er eit samarbeid om etablering, forvaltning og bruk av geografisk informasjon. Her deltek Kartverket, Statens vegvesen, NVE, Bane Nor, Energi Norge, Telenor, kommunane, fylkeskommunane og Landbruksdepartementet med dei underliggjande etatane sine.

Romsdal laser 2026

Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 5 punkt/m2 for utvalde område i Molde, Vestnes, Rauma, Aukra og Hustadvika kommunar. Datafangst er fullført.

Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag for ortofoto i Geovekst-prosjektet Romsdal 2026, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Kartutsnitt Romsdal laser 2026.jpg
ROMSDAL LASER 2026: Kartutsnittet viser området som er skanna med rosa skravur. Ill: Kartverket.

Romsdal 2026

Flyfotografering av utvalde område i Molde, Vestnes, Rauma, Aukra og Hustadvika. Datafangst er fullført.

Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

Kartutsnitt Romsdal foto 2026.jpg
ROMSDAL 2026: Kartutsnittet viser områda som er flyfotografert med blå skravur. Ill: Kartverket.

Nordmøre laser 2025

Laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for utvalde område i Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar. Prosjektet er avslutta.

Kartutsnitt Nordmøre laser 2025.jpg
NORDMØRE LASER 2025: Kartutsnittet viser punktsky frå laserskanninga. Ill: Kartverket.

Punktskya er tilgjengeleg på høydedata.no:

Nordmøre 2025

Flyfotografering i kommunane Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Surnadal, Sunndal og Tingvoll. Prosjektet er avslutta, og data teke i bruk.

Kartutsnitt Nordmøre 2025 foto.jpg
NORDMØRE 2025: Kartutsnittet viser ortofoto av områda som er flyfotografert. Ill: Kartverket.

Ortofoto er tilgjengeleg på Norge i bilder:

Del
XPPT