Samanlikning av nyare ortofoto frå 2020 (venstre) og historisk ortofoto fra 1971 (høgre).
NYTT MØTER GAMMALT: Samanlikning av nyare ortofoto frå 2020 (venstre) og historisk ortofoto fra 1971 (høgre). Ill: norgeibilder.no.
Siste oppdatering

Historiske ortofoto

Alle flyoppgåvene frå prosjektet «Historiske ortofoto M&R 2021» er no ferdig. Du kan sjå ortofotoa i innsynsløysinga norgeibilder.no.

Fleire historiske ortofoto

Ønske om ny runde med historiske ortofoto kom frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Geovekst-partane i fylket ville vere med, og i 2021 starta vi. Til saman er det over 8 600 flyfoto med i dette prosjektet, fordelt på 75 flyoppgåver frå tidsperioden 1957-2004.

Kartverket skanna desse flybileta i 2021. Oppdraget med å produsere ortofoto vart sett vekk til kartleggingsfirmaet Field Group AS. Alle bileta ligg no ute på norgeibilder.no

Turid Elde hos Kartverket sitter foran pc-skjermer med historiske kart på.
FULL KONTROLL: Senioringeniør Turid Elde hjå Kartverket i Møre og Romsdal var kontrollansvarleg for prosjektet. Ho sytte for at bileta på norgeibilder.no er av god kvalitet. Foto: Kartverket.

Kvalitet på bileta

Dagens standard krev ikkje same stadfestingsnøyaktigheit og biletkvalitet for historiske ortofoto som for dei produsert frå flybilete. Det er derfor noko større avvik mellom FKB-data og dei historiske ortofotoa enn vi er vane med. Dette er særleg tydeleg i ytterkant av flyoppgåvene. Men òg i område der det har vore store endringar i terrenget. Vi har valt å ikkje klippe vekk område i ytterkantane sjølv der det er store avvik. Dette då bileta uansett kan ha verdi for brukarane.

Ferdige ortofoto

Alle ortofotoa er no klare. Sjå kva for flyoppgåver som er med i din kommune i oversikten under.

Nyttig verktøy i planlegging

Eldre historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser ofte mange opphavelege landsapselement før moderne naturinngrep.

Skredsoner og skredvifter i beitelandskap er gjerne godt synlege. Bekkar og vassdrag følgjer i stor grad sine naturlege løp med intakte flaumsoner. Difor kan bileta gi verdifulle innspel i arbeidet med klimatilpassing. Blant anna der ein har hatt stor byggeaktivitet nær skredvifter, elveløp og på elvedelta.

Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve til m.a.:

  • skred
  • flaum og havnivåendring
  • planarbeid og sakshandsaming
  • forsking og jordskifte

Dei vil også være interessante for historieinteresserte privatpersonar.

Kontakt

Del
XPPT