Temadata i areal- og beredskapsplanlegging og barnetråkk

Det får du meir kunnskap om på webinaret som Kartverket Nordland og Kartverket Troms og Finnmark held denne dagen. Det er inga deltakaravgrensing! Påmeldingsfrist 4. juni.

Formålet med Webinaret er å informera om bruk av temadata i areal- og beredskapsplanlegging. Gjennomføring av barnetråkkregistrering og behandling av personopplysningar.

Program

09:00 Informasjon frå Kartverket

09:05 Barnetråkk v/ Ole Edvard Grov, Skolelaboratoriet i realfag, Universitetet i Bergen og Anita Helstrup, Stavanger kommune

09:30 Temadata i areal- og beredskapsplanlegging v/ Ida Granmo, Studiesenteret FKK Vefsn og Geir Martin Johansen Kartverket

10:00 - 10:30 Diskusjon\ oppsummering

Målgruppe

Me oppmodar til ei tverrfagleg deltaking frå kommunane og andre som arbeider med temadata.

Det er inga deltakaravgrensing, så fortel gjerne andre aktuelle om webinaret.

Kva er Barnetråkk?

Barnetråkk er ein metode og eit medverknadsverktøy for barn utvikla av Design og arkitektur Noreg (DOGA) i samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB).

Verktøyet bidreg til å oppfylla rettar til medverknad i planprosessar, og undervisning for skuleelevar om demokrati- og medborgarskap.

Data frå Barnetråkk skil seg frå andre temadata i Geonorge.no, fordi dei er registrerte av skuleelvar. Det gir ein del utfordringar, både med omsyn til datakvalitet og i forhold til anonymisering av data.

Det vart i 2024 lansert eit ope aggregert datasett, som ikkje inneheld sensitive data. Foredraget vil derfor også fokusera på ulike tiltak for å forbetra personvern for geografiske data av denne typen.

Les meir om Barnetråkk på barnetrakk.no

Del
XPPT