Tareskog på Sunnmøre. Foto:  Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet
TARESKOG: I mange område langs kysten er det vanleg å treffe på tareskog. Det er også tilfelle på Sunnmøre, der vi har kartlagt botnen på grunna. På biletet ser du tarestilkar som det veks ulike andre artar på. Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet
Siste oppdatering

Slik er havbotnen på Sunnmøre

Først kjem fargerik tareskog, deretter ein bakke med rosa stein og til slutt dukkar blautbotnen opp – alle med kvar sine innbyggjarar og nokon som reiser fram og tilbake.

Dette er fasiten på korleis havbotnen på kysten av Sunnmøre ofte ser ut og kven som lever der.

– Sjølv om blautbotnen ved første augekast kan sjå grå og litt kjedeleg ut, er den ein viktig og vanleg naturtype på Sunnmøre, fortel Barbro Taraldset Haugland.

Ho har oppgåva med å analysere kva dyr som finst på timevis med videoopptak frå dette området, filma i prosjektet Marine grunnkart i kystsona. Sluttresultatet vert kart som viser kva artar ein kan forvente å finne i ulike område, dette er viktig kunnskap ved til dømes oppstart av arbeid som kan påverke botnen.

Nede på den grå mudderbotnen skjuler det seg eit fargerikt dyreliv. Ofte stikk det opp sjøfjær frå botnen – dei samlar mat med dei mange fangarmane som vaiar i straumen.

Plutseleg dukkar det opp ein slimål, den sym fort ut av syne frå kameraet. Men etter kvart som det dukkar opp fleire, blir det klart at også denne arten trivast her.

– Slimålen blir vanlegvis cirka 30 cm. Den et ofte daud eller halvdaud fisk, og likar å liggje nedgraven i mudderet med hovudet opp. Men her har vi sett at den står ein del med hovudet nedi sanden mens den svaiar med halen buktande oppover, fortel Haugland.

– Kanskje den er på veg til å grave seg ned?

Elvar av død tare

I enkelte område kan ho sjå at det ligg store mengder med oppriven stortare bortover botnen, omtrent som ei elv. Dette naturlege fenomenet vert også ofte omtala som ein tarekyrkegard.

Tare-bunn på Sunnmøre. Foto: Havforskningsinstituttet
TAREBUNN: Tare som naturleg løsnar frå havbotnen kan ende opp i slike elvar. Når taren kjem ned på djupt vatn blir den truleg viktig næring for andre artar. Den spelar truleg også ei rolle i karbonlagring. Foto: Havforskingsinstituttet

– At tare blir lausriven og frakta til andre plassar er både naturleg og vanleg, men eg har aldri sett eller høyrt om at nokon har sett sånne mengder som her – det er utruleg spanande!

Andre som har sett på dette, har funne ut at tare som hamnar nede på djupet på denne måten sannsynlegvis har ei viktig rolle i økosystemet.

– Taren er full av næringsstoff og blir på denne måten mat til andre artar. Mykje av taren blir også nedgrave i sedimenta, og bidrar dermed til karbonlagring.

Finn trålspor og søppel

På mudderbotnen er det også spor frå menneskeleg aktivitet:

– I enkelte område er det tydeleg at det vert drive fiske med botntrål; trålen lagar godt synlege pløyemerke i den mjuke botnen, fortel Haugland.

Trålspor på havbotn. Foto: Marine grunnkart i kystsona (video)
TRÅLSPOR: Her kan ein tydeleg sjå tydeleg pløyemerke etter tråling. Foto: Marine grunnkart i kystsona (henta frå video)

På videoen kan ein mange stadar sjå artane som fiskarane er på jakt etter, både reke og kreps er flittige gjestar i lysstrålen til kameraet.

I tillegg til sjølve trålspora, har forskarane også observert tapte fiskereiskapar på nokre av lokalitetane.

Men det er ikkje berre næringsaktivitet havet er brukt til:

– Vi har observert ein TV, flasker, sko og diverse anna søppel som har hamna nede på djupet.

...og opp igjen på grunna

Etter turen ned på djupet er det på tide å nærme seg fjæra igjen. I området der botnen startar å skråne oppover så forsvinn mudderet. I staden dukkar det opp steinar i ulike storleikar – gjerne dekka av skorpedannande raudalgar.

Bilete av ein stor stein med ulike fastgroande artar. Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet
STEIN: Slike steinar, fulle av ulike artar som treng noko hardt å vekse på, er forholdsvis vanlege. Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet

– Det finst mange ulike raudalgar som veks som skorper, og dei som veks her er truleg relativt vanlege, fortel Haugland.

Det er ikkje for kven som helst å skilje dei ulike raudalgane frå kvarandre:

– Artane er så like av utsjånad at det trengst spesiallitteratur og mikroskop for å skilje dei, fortel ho.

– Dei må også «avkalkast» for at vi skal kunne sjå strukturane som skil dei ulike artane. I tillegg kan dei ha veldig varierande måtar å vekse på. Så dei som blir identifisert på video blir nok berre heitande «skorpedannande raudalgar».

Andre stader er tareskogen gjerne bytta ut med ålegrasenger.

Bilete av ein liten stim torsk som svømmar rundt mellom ålegras. Ålegras ser ut som langt gras. Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet
ÅLEGRAS: Små torsk likar seg ofte i ålegrasengene. (Illustrasjonsfoto frå eit anna prosjekT.) Foto: Jonas Thormar / Havforskingsinstituttet

– Ålegraseng er ein eigen naturtype. Den er eit leveområde for mange artar, på same måte som tareskogen. Alt frå små amfipodar til krabbar og fisk brukar den som skjulestad og matfat. Kysttorsken bruker den for eksempel som barnehage – den er ein god og viktig gøymestad for dei som trenger å vekse seg litt større før dei vågar seg ut i meir opne område, seier Haugland.

Opptaka er gjort som ein del av kartlegginga Marine grunnkart i kystsona.

Fakta Marine grunnkart i kystsona

Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstituttet og NGU.

Prosjektet har ei total kostnadsramme på til saman 84,6 millionar kroner over tre år.

Produkt som blir laga frå pilotområda:

  • Djupnedata og terrengmodellar
  • Botnreflektivitet/ data som skildrar hardheita til havbotn (backscatter)
  • Geologiske kart som sedimentkart og landskapskart
  • Kart over botnfelling, gravbarheit, ankringsforhold
  • Kart over kjemisk miljøtilstand (forureining av tungmetall og organiske miljøgifter)
  • Naturtypar i samsvar med naturtypar i Norge
  • Sårbare og verdifulle habitat
  • Modellar av straum, bølgjer, saltholdigheit og temperatur

Les meir

Eit hav av moglegheiter

Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona skal bidra til ei berekraftig utvikling av kystsamfunna våre, og til styrking av dei maritime næringane. Les meir om prosjektet.

Sjå kart

Dei marine grunnkarta finn du i demo kartvisning av Marine grunnkart i kystsona. Karta publisertast etter kvart som dei produserast.

Geonorge

Dei marine grunnkarta er tilgjengeleg via geonorge.no. I kartkatalogen kan du søkje etter, sjå på og laste ned norske offenlege kartdata.

Del