Siste oppdatering

Minister med på sjømåling i Skjervøy

I havstilla og 24 varmegrader tok vi kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik med ut på tokt i Skjervøy, kor han fekk ein demo av både sjømåling og marine grunnkart i kystsona.

Høyr Sigbjørn Gjelsvik fortelje om marine grunnkart i Morrasendinga til NRK Troms 22. juni.

Marine grunnkart i Skjervøy og Kvænangen

I to dagar var kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i Nord-Troms for å besøke kommunane Kvænangen, Skjervøy og Kåfjord. 

På morgonen 22. juni fekk Gjelsvik ei orientering om pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona av sjødirektør Birte Noer Borrevik. 

Før båtturen med Kartverkets sjømålingsfartøy MB «Anda», fortalde ordførar i Skjervøy, Ørjan Albrigtsen, korleis marine grunnkart blir brukt i arbeidet med å lage ein ny kystsoneplan for Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar.

Sibjørn Gjelsvik, Birte Noer Borrevik og Ove Bitsch Olsen om bord i båten MB Anda. Utsikt til havstilla i Skjervøy.
SJØMÅLING I SKJERVØY: Det var blikkstille, strålande sol og 24 gradar. Nydeleg vêr for ein tur ut på havet for å demonstrere djupnekartlegging. Frå venstre: Statsråd Sigbjørn Gjelsvik, sjødirektør Birte Noer Borrevik og rådgivar Ove Bitsch Olsen i kommunal- og distriktsdepartementet

– Det var også utruleg spennande å høyre lektor Arne Samuelsen ved naturbrukslinja ved Nord-Troms videregående skole fortelje at dei er klar til å ta marine grunnkart i bruk i undervisninga. Eg gler meg til å følgje med på korleis dei unge tek i bruk dei marine grunnkarta, seier sjødirektør Birte Noer Borrevik i Kartverket.

Arne er ikkje berre lektor. På privaten driv han med tare- og blåskjelloppdrett, kor han også har nytte av marine data i si havbruksverksemd.

Ut på sjømåling

Etter møtet hos Skjervøy kommune gikk turen vidare ned på kaia kor Kartverkets båt MB «Anda» stod klar til avgang. Om bord blei det demo av både djupnekartlegging og marine grunnkart.

Kartverket, Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskningsinstituttet har laga detaljerte kart for tre pilotområde langs norskekysten. Marine grunnkart visar alt frå djup og botnforhold til biologisk mangfald, straum, saltinnhald m.m. – alt vi treng for å lage gode kystsoneplanar eller utvikle den blå økonomien.

Sigbjoern-Gjelsvik-sjomaling-Skjervoy-MB-Anda.jpg
KLAR TIL AVGANG: Mannskapet om bord på arbeidsbåten MB «Anda», båtførar Karstein Vean og hydrograf Pål Misje, er klare til å ta med sjødirektør Birte Noer Borrevik og kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik med ut for å demonstrere djupnekartlegging og marine grunnkart.

Fakta Marine grunnkart i kystsona

Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstituttet og NGU.

Prosjektet har ei total kostnadsramme på til saman 84,6 millionar kroner over tre år, fra 2020–2022.

Produkt som blir laga frå pilotområda:

  • Djupnedata og terrengmodellar
  • Botnreflektivitet/ data som skildrar hardheita til havbotn (backscatter)
  • Geologiske kart som sedimentkart og landskapskart
  • Kart over botnfelling, gravbarheit, ankringsforhold
  • Kart over kjemisk miljøtilstand (forureining av tungmetall og organiske miljøgifter)
  • Naturtypar i samsvar med naturtypar i Norge
  • Sårbare og verdifulle habitat
  • Modellar av straum, bølgjer, saltholdigheit og temperatur

Kontakt

Del
XPPT