Siste oppdatering

Verjemål og framtidsfullmakt

I nokre tilfelle er det ikkje tilstrekkeleg at heimelshavaren signerer på eit dokument som skal tinglysast. Grunnar til det kan vere at personen er mindreårig eller har fått oppnemnt verje av Statsforvalteren.

Verjemål

Dersom ein person som er under verjemål skal overføre eigedom, kjøpe eigedom, få eller slette ein rett i fast eigedom er det oftast verjen som signerer dokumenta. Det er også andre tilfelle der det er nødvendig at verjen signerer.

Korleis opprette verjemål?

Det er Statsforvaltaren (tidl. Fylkesmannen) i det enkelte fylke som er vergemålsmyndigheit i sitt fylke. Statsforvaltaren kan opprette verjemål for vaksne på grunnlag av krav frå nær familie, lege eller personen sjølv. Verjemål vert oppretta for å hjelpe personen det gjeld, og skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Det vert samtidig oppnemnt verje for personen.

I særlege tilfelle kan det vere aktuelt å fråta rettsleg handleevne. Saka vert då reist for tingretten som avgjer saka i doms form.

Les meir om oppretting av verjemål for vaksne i Vergemålsportalen.

Kva dokumentasjon treng eg for å få tinglyst eit dokument for personen under verjemål?

Du må søkje Statsforvalteren dersom du for eksempel skal selge eigedomen til den som er under verjemål. Etter du har fått eit vedtak der Statsforvalteren godkjenner sal av eigedomen, sender du vedtaket saman med skøytet eller overføring av andel i burettslag.

I staden for at du legg ved vedtaket, kan Statsforvalteren samtykke til tinglysing direkte på dokumentet du ynskjer å tinglyse.

 

Når må statsforvalteren samtykke ved tinglysing?

Framtidsfullmakt

Ordninga med framtidsfullmakt er ei frivillig, privatrettsleg ordning, som gir høve til å oppnemne ein eller fleire personar som din rettslege representant dersom du i framtida ikkje lenger er i stand til å ta vare på eigne interesser. Vilkåra for at fullmakta skal ta til å gjelde vil vere knytt til medisinske tilstandar, som sinnsliding, demens eller anna alvorleg sjukdom. Dersom fullmakta skal brukast til å selje eller disponere over eigedom, er det viktig at disposisjonsretten er spesifisert så godt som råd i fullmakta.

Les meir om framtidsfullmakter i Vergemålsportalen.

Framtidsfullmakt i samband med tinglysing

Dersom du skal bruke ei framtidsfullmakt for å tinglyse sal eller overdraging av eigedom, må Statsforvalteren stadfeste at den er sett i kraft. Statsforvalteren sender stadfestinga til tinglysing slik at det vert tinglyst på eigedomen som skal seljast, både at fullmakta er i kraft og kven som er fullmektig.

Når stadfestinga er tinglyst på eigedomen, kan fullmektigen etter framtidsfullmakta signere på dokumenta som skal tinglysast, og sende til tinglysing utan vidare dokumentasjon på fullmaktsforholdet.

Les meir om Kartverket sin praksis i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 3.6 problemstilling nr. 4.

Vedvarande fullmakt

Eit alternativ til både vanlege fullmakter og framtidsfullmakter, er ei vedvarande fullmakt. Ei vedvarande fullmakt vert i utgangspunktet nytta som ei vanleg fullmakt, og gjeld med ein gong den er signert. Fullmektigen kan gjere daglegdagse gjeremål, til dømes betale rekningar og ha kontakt med helsevesen.

Dersom fullmakta er formulert for å gjelde også etter at fullmaktsgivaren blir alvorleg svekka på grunn av sjukdom, vil fullmakta gå over til å vera ei framtidsfullmakt. Fullmakta må framleis stadfestast av Statsforvalteren for å kunne nyttast til tinglysing.

Legalfullmakt

Legalfullmakt er eit omgrep vert nytta om disposisjonsrett som følgjer av lovbestemte omsorgsplikter i nære relasjonar, til dømes mellom ektefeller og sambuarar. Slike fullmaktsforhold kan nyttast til daglegdagse gjeremål, som å betale rekningar og liknande.

Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til eit legalfullmaktsforhold dersom du skal tinglyse noko på vegne av ein nærståande. Alternativet er å få oppretta verjemål.

Ofte stilte spørsmål

Del