Gode døme på bruk av geodata

Vi ønskjer med denne sida å vise fram nytteverdien av geodata, eller stedsdata, og systema kring dei. Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har dei siste åra heidra dei beste døma på bruk av slike data med diplom.

Om konkurransen

Har du eit godt døme på bruk av geodata?

- Vi ønsker å få fleire aktørar til å ta i bruk geografisk informasjon i løysingar og tenester som gir berekraftig utvikling og auka innovasjon, seier statsråd Gjelsvik om årets konkurranse.

Desse fekk diplom i 2021

Fjorårets diplomvinnarar bidrar til at fritidsfiskarar finn gode fiskeplassar, ulovleg aktivitet til sjøs blir avdekka, og kommunane kjem raskare i gang med klimatilpassinga.

Sjå kven som vann i 2020

Vinnarbidraga i 2020 løyste høgaktuelle problemstillingar. Stikkord er geografiske data nytta i kampen mot koronaviruset, mot søppel på norske strender, og til utvikling av byar og tettstader.

Fakta Nasjonalt geodataråd

Nasjonalt geodataråd er oppnemnd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det bidrar til samarbeid om og bruk av geodata, og gir råd om oppfølging av nasjonale strategiar for felles geografisk infrastruktur. Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og sekretariat for rådet.

Sjå geodatarådets mandat og samansetjing (Geonorge).

 

Fakta Geodata og Geonorge

Geonorge er den nasjonale nettsida for stedsdata, eller geodata, og annan stadfesta informasjon i Noreg. Her kan du søkje etter og få tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Gå til Geonorge.

Diplomvinnarane 2021

Utvalde bidrag frå konkurransen 2021 (eksterne lenker)

Bærum i 3D

Bærum 3D er ei løysing der kommunens planleggarar og byggesaksbehandlarar kan modellere, analysere og visualisere i 3D.

Digital byggesøknad

Byggesøknaden utvikla av Norconsult Informasjonssystemer og Ambita er eit verktøy for digital produksjon og distribusjon av byggesøknadar.

Utvalde bidrag frå konkurransen i 2020

Beste kommersielle produkt

Vinnar 2020: Augment City frå Offshore Simulator Centre AS lagar 3D-tvilling, ein digital kopi, av tettstader, byar og fylke.

Kombinerer data til ny kunnskap

Vinnar 2020: «Rydde» og «Rent hav» frå Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) og Hold Norge Rent bidrar til mindre plastforureining, betre miljø og meir kunnskap.

Kystdatahuset

Kystdatahuset er ei løysing for deling av offentlege data om skipsrørsler og aktivitet på sjøen. Kystverket.

Befaring for digitale møte

Tenesta presentere saksliste og illustrerer enkeltsaker ved hjelp av 3D-modellar og kart. Larvik kommune.

Adaptive Veg

Asplan Viak har utvikla ei teneste for å forenkle og effektivisere vegvedlikehald og vegforvaltning, spesielt i norske kommunar.

Del