Siste oppdatering

Geodata mot korona

Oslo kommune og Statsforvaltaren i Oslo og Viken nyttar geografiske data i kampen mot pandemien. Det kvalifiserte til diplom for tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar.

Diplom Beste tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar

Det er to vinnarar i denne kategorien:

  • Statsforvaltaren i Oslo og Viken (tidlegare Fylkesmannen) har fått diplom for sin situasjonsrapportering om Covid-19.
  • Beredskapsetaten i Oslo kommune har fått diplom for statistikk over smitta i Oslo. Sjå dashbordet her.

Mann foran vegg med mange skjermer med tall, figurer og kart

DASHBORD: Smitte-dashbordet i bruk i beredskapsetatens stabsrom i Oslo. Foto: Oslo kommune

Fakta Døme på bruk av geodata

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer å vise fram nytteverdien av geodata. Hausten 2020 etterlyste dei difor gode døme på bruk av geodata og delte ut diplom til det beste dømet innanfor tre kategoriar: Kommersiell teneste eller produkt, tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar, og løysingar som kombinerer data til ny kunnskap. Sjå fleire smarte løysingar på temasida vår med gode døme på bruk av geodata.

Norske geodata finn du på Geonorge.

Beredskapsetaten i Oslo kommune har utvikla eit smitte-dashbord, ei digital kartløysing kombinert med statistikk som syner aktuell smittesituasjon og utvikling av koronasmitte. Det gir mellom anna grunnlag for vedtak i kriseleiinga i kommunen. Løysinga legg vidare grunnlag for god informasjonsutveksling mellom etatane, for oppfølging og disponering av personell. Kommunen har også ei offentleg løysing for å gi informasjon ut til publikum og næringsliv. 

Kunnskapssystem

Avdelingssjef Osman Mohammad Ibrahim fortel at dei tidleg identifiserte eit sterkt behov for å etablere eit kunnskapssystem for krisehandteringa.

- Sentralt i kunnskapssystemet står geografisk oversikt over smittebiletet, oversikt over kontaktflate for smittespreiing og oversikt over i kor stor grad smitteverntiltaka blir etterlevd. I tillegg kjem oversikt over testing og smittestad.

- Smittedashbordet er svært nyttig fordi vi på ein enkel og god måte kan kommunisere ut kunnskapen vår om smittebiletet til alle som treng det frå ein felles plattform. Målgruppa er både publikum, media, samvirkeaktørane våre og eigne tilsette, fortel avdelingsleiaren.

- Informasjon frå smittedashbordet er svært nyttig i arbeidet med å identifisere behov for å sette inn målretta tiltak, som eksempelvis informasjon og oppfølging, og for innsikt i bydelstrendar over tid.

Smittedashbordet er utvikla i eit samarbeid mellom Beredskapsetaten, Plan og bygningsetaten, Bymiljøetaten, Vann og avløpsetaten og Helseetaten.

Statsråd Nikolai Astrup gir diplom til Osman Mohammad Ibrahim
DIPLOM. Osman Mohammad Ibrahim mottar diplom frå kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup på vegner av Oslo kommune. Foto: Jenny Clemet von Tetzschner

Gir oversikt

Løysinga som Statsforvaltaren i Oslo og Viken (tidlegare Fylkesmannen) har utvikla, er intern og har avgrensa innsyn. Det er ein datamodell og ei kartløysing som mellom anna syner utviklinga i smittetal veke for veke i kvar kommune, testkapasitet, tilgang til personell og kritisk kompetanse, og tenestetilbod til sårbare grupper.

- Gjennom koronapandemien har Statsforvaltaren fått store mengder informasjon fra Oslo og Vikens 52 kommunar gjennom situasjonsrapportar kvar veke. Vi vurderte tidleg at det var behov for å systematisere informasjonen og framstille han på ein oversiktleg måte i ei kartløysing, fortel seniorrådgjevar Per Vallner.

- Dette har bidratt til å halde oversikt på viktige helseområde gjennom pandemien, gitt kunnskap om utfordringar og kor det er nødvendig å setje inn tiltak. Det blir no jobba for at løysinga skal gjerast nasjonalt tilgjengeleg og kan bli tatt i bruk av andre, seier Vallner.

FMOV2.PNG

KORONAKART: Situasjonsbilete frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Juryens grunngjeving

Både Oslo kommune og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har tatt i bruk GIS-løysingar (IT-system for å handtere geografisk informasjon) for handtering av pandemien. Løysingane gir visuell oversikt over situasjonen og utviklinga. Dei dannar grunnlag for beslutningar knytta til oppfølging av pandemien og disponering av personellressursar.

Løysingane forenklar informasjonsutveksling internt i etatane og med eksterne. Dei kan brukast av andre kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar og vil vere aktuelle å ta i bruk i andre situasjonar og på andre område av forvaltninga.

Del