Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Blomstereng og gårdsbruk foran massive fjellformasjoner på vei mot Leknes by i Vestvågøy kommune
VEG. Alle vegar i Noreg inngår i Kartverkets gratis samferdselsdata. Foto: Adobe Stock
Last updated

Samferdselsdata

Kartverkets samferdselsdata er gratis og omfattar alle vegar i Noreg med kopling til adresser, samt flyplassar og luftfartshinder.

Finn data Her får du tak i samferdselsdata

Du kan laste ned eller finne API for alle samferdselsdatasetta på Geonorge (lenka går til eit søk på "samferdsel" på Geonorge).

Brukarhistorier Viktig for blålysetatane

Vegdata blitt nytta til mange ulike føremål, frå kartframstilling til navigasjon og ruteplanlegging. Locus er et firma som nyttar datasettet Elveg som grunnlag for data til alle ambulansar, brannbiler og delar av politiet. Koplinga mellom vegnettet og adressedata er viktig og gjer at utrykkingskøyretøya kan finne frem raskast mogleg til rett stad i ein krisesituasjon.

Kartverket har eitt stort vegnett-datasett, Elveg 2.0. Dette er eit landsdekkande datasett med alle køyrbare vegar i Noreg som er lengre enn 50 meter, samt gang- og sykkelvegar, gangfelt og fortau.

Nasjonalt register over luftfartshindre inneheld høge installasjonar, som master og kraftlinjer, som fly og helikopter må vere merksame på.

Vi har også eit datasett som inneheld lufthamner med fly- og helikopterplassar. Dette kan mellom anna nyttast til analyser og illustrasjonar.

Bruksområde

Kartverkets vegdata er viktige i kartframstilling, adressekart, temakart og liknande. Dei blir nytta til navigasjon og ruteplanlegging og også i samanheng med samfunnsplanlegging, beredskap og adressering.

Data frå registeret over luftfartshinder kan nyttast i elektroniske kart- og varslingssystem i fly og helikopter.

Produkteigenskapar

Elveg inneheld vegnett med adresseinformasjon, fartsgrenser, trafikkreguleringar, vegklasser og andre trafikkrestriksjonar. Datasettet er eigna til navigasjon og ruteplanlegging.

Nasjonalt register over luftfartshinder inneheld posisjon og andre eigenskapar for menneskeskapte objekt som stikk opp frå terrenget, til dømes master, tårn, kraner og kraftleidningar. Hindra er representert som vektorar, anten punkt eller liner.

Format

Elveg 2.0. kan lastast ned som SOSI- og GML-filer, og er tilgjengeleg som kommunevise og fylkesvise filer eller ei landsfil.

I tillegg er det to ulike API (WMS) tilgjengelig basert på vegnettet.

Data om luftfartshinder er tilgjengeleg i GML og SOSI og kan også hentast gjennom API (WMS).

Datasettet med flyplassar finst som FGDB, GML, PostGIS og SOSI.

Share

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg, Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.