Siste oppdatering

Mange har søkt om kartleggingsmidlar

Også i år er interessa for stønad til å kartleggja tilgjengelegheit og universell utforming stor. Kven som får stønad, vert avgjord i god tid før rettleiingskursa i mai/ juni.

Søknadsrunden for kartleggingsmidlar i 2025 er avslutta. Kartverket har i alt teke imot 32 søknader om prosjektstøtte

Me er i gang med å vurdera alle søknader nøye, sidan me ønskjer å komma i møte dei fleste. Med 1,3 millionar kr i potten vert det ikkje ei enkel oppgåve.

Det skal haldast fysiske og digitale rettleiingsskurs i mai/ juni 2025 for alle prosjektdeltakarar. Kartlegginga startar rett etter kursperioden.

Framdriftsplan

  • April: Søknadsfrist 11. april 2025
  • April: Tilsegn om tilskot (30. april)
  • Mai/ juni: Prosjektavklaring og kurs
  • Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Januar 2026: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og distriktsdepartementet

Du finn alle detaljar om tilgjengelegheit og universell utforming på ressurssida vår under.

Del
XPPT