Siste oppdatering

Stor interesse for kartleggings-midler

I år har fleire enn nokon gong før søkt om stønad til å kartlegge tilgjengelegheit og universell utforming. Kven som får stønad, vert avgjort i god tid før rettleiingskursa i juni.

Søknadsrunden for å få støtte til å kartlegge tilgjengeligheit og universell utforming i 2024 er avslutta. Kartverket har tatt imot 30 søknader om stønad.

Vi er i gang med å vurdera alle søknader nøye, sidan vi ønsker å imøtekomme dei fleste. Med 1,1 millioner kr i potten vert det ikkje ei enkel oppgåve.

Det skal haldast fysiske og digitale rettleiingsskurs i løpet av juni 2024 for alle prosjektdeltakarar.

Kartlegginga startar rett etter kursperioden.

Framdriftsplan

  • 12. april: Søknadsfrist for prosjektmidlar i 2024
  • Mai: Tilsegn om tilskot
  • Mai/ juni: Prosjektavklaring og kurs
  • Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Januar 2025: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og distriktssdepartementet

Du finn alle detaljer om tilgjengeligheit og universell utforming på ressurssida vår under.

Del
XPPT