Siste oppdatering

Rift om kartleggingsmiddel

Det har vore stor interesse for å kartlegge tilgjengelegheit i uteområde i år. I alt er det mottatt søknader om støtte til 28 prosjekt. Alle prosjekta fylte krava for tildeling, og det vart delt ut eit samla tilskot på 1,5 mill. kr.

Alle prosjekt som mottar støtte vil få tilbod om eit digitalt rettleiingskurs i løpet av juni 2021.

Pilotering av ny app

Kartverket har utvikla ein ny versjon av kartleggingsverktøyet. Den nye versjonen skal komme i drift i løpet av sommaren, og tas først i bruk av eit utval av prosjektdeltakarar som skal fungere som testpilotat for det nye verktøyet. Den har eit nytt grensesnitt mot Kartverket via eit opent NGIS-API. Den nye versjonen vil òg tilby forbetra funksjonalitet, fungere på alle operativsystem, og skal gje betre moglegheit for vedlikehald av data for brukarane.

Del
XPPT