Siste oppdatering

Rapport om volumgeometri i norsk geodataforvalting

Kan detaljerte kartdata brukast til å lage tredimensjonale modellar av bygningar og byar? Eit ferskt forprosjekt viser at Noreg står i særstilling med detaljerte 2,5D vektordata som grunnlag for å lage realistiske volumgeometriar.

Rapporten frå «Forprosjekt – Volumgeometri i norsk geodataforvalting» er no tilgjengeleg på Kartverket sine nettsider.

I prosjektet har ein sett på korleis tredimensjonal visning (volumgeometri) av bygningar blir brukt i kommunane i dag, og kva for utfordringar ein møter. 

Seks råd frå forprosjektet

Prosjektet vart gjennomført i perioden oktober 2024 – juni 2025 og er finansiert av Geovekstforum og Noregs forskingsråd. Arbeidsgruppa gir seks tilrådingar:

  1. Volumgeometri bør framleis vera eit avleia produkt, basert på 2,5D vektordata og andre kjelder.
  2. Ein bør gjennomføre eit testprosjekt for meir detaljerte data og kvalitetskontroll med fokus på betre avleia volumgeometri.
  3. På bakgrunn av resultatet frå testprosjektet bør FKB utviklast vidare med tanke på volumgeometri.
  4. CityGML bør vere standard for volumdatasett, men det trengs ein eintydig spesifikasjon for bruken i Noreg.
  5. Ein bør greie ut kostnader og nytte ved å etablere eit offentleg datasett som alternativ til kommersielle løysingar.
  6. Objektbasert forvaltning bør utviklast for å gi betre samanheng mellom ulike representasjonar.

Les rapporten på Kartverket sine FoU-sider.

Samarbeid mellom kommunar, private og Kartverket

I forprosjektet har dei fem kommunane Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo greidd ut korleis dei bruker bymodellar i handsaming av plan- og byggesaker. I tillegg har dei sagt kva slags forbetringar dei ønsker i datagrunnlaget for å gjere modellane betre.

Eit modelert tredimensjonalt bilde av delar av Trondheim sentrum
GODE DATA: Dei detaljerte FKB-dataa som samlast inn av kommunane og Geovekst-partane samlar inn, gir eit godt utgangspunkt for å lage 3D-modellar. (Kjelde: Trondheim kommune)

Vidare har dei tre private selskapa Geodata, Norconsult og Norkart skildra korleis dei etablerer volumgeometri ut frå eksisterande FKB-data. Forprosjektet omtalar korleis dei gjer desse tilgjengelege for kommunane og andre brukarar, og kva for utfordringar dei møter på vegen.

Kartverket og det private selskapet Field har beskrive korleis dagens FKB-data blir samla inn og kvalitetssikra. Forprosjektet dokumenterer også korleis andre land arbeider med bymodellar, og kva for nasjonale og internasjonale spesifikasjonar som er aktuelle for dette området.

Noreg med unikt utgangspunkt

Arbeidet viser at Noreg har eit unikt utgangspunkt for å lage detaljerte 3D-representasjonar ut frå våre svært detaljerte FKB-data i 2,5D.

Eit modelert tredimensjonalt bilde av delar av Trondheim sentrum
I SKUGGEN: Tredimensjonale modellar kan brukast til å vise korleis skuggen fell rundt bygningar. (Kjelde: Trondheim kommune)

I andre land har dei i stor grad berre omriss av bygningar, medan vi har nøyaktige detaljar om dei enkelte delane av taket. Likevel ser vi at det er nokre utfordringar ein bør sjå nærare på for å gjera bymodellane enda betre.

Forprosjektet konkluderer med at OGC-spesifikasjonen CityGML er den mest aktuelle strukturen for slike data. Det er den som blir brukt av dei fleste land som har slike modellar, og det er også den dei private aktørane bruker i sine norske produkt.

Del
XPPT