Siste oppdatering

KS og Kartverket med ny samarbeidsavtale

Geografisk informasjon er ein av nøklane til utvikling av betre digitale tenester i kommunane. For å leggje betre til rette for dette har KS og Kartverket no signert ein strategisk samarbeidsavtale. 

Føremålet med avtalen er å samarbeide slik at partane kan definere og nå felles mål som likeverdige partar. I dag har Kartverket og KS allereie mange samarbeidsflater innan digitalisering og nasjonal geodatastrategi.

– Den nye samarbeidsavtalen skal peike på felles område der begge partar kan tena på å utvikle eit strategisk samarbeid, utan at det nødvendigvis er innanfor rammene av eit planlagt og avgrensa prosjekt, seier Kristin Weidemann Wieland i KS.

– Geografisk informasjon er ein viktig innsatsfaktor i framtidig digitalisering og utvikling av tenester. Når samfunnet skal skapa digitale fellesskapsløysingar, er det viktig at Kartverket og KS kan gå i takt og utvikla felles strategiar slik at utviklinga i kommunal sektor blir berekraftig og innanfor nasjonal, demokratisk kontroll, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Han legg til at ved å leggje til rette for eit felles oppdatert kunnskapsgrunnlag på nasjonalt nivå vil det føre til enklare kommunalt planarbeid.

" width=
STRATEGISK SAMARBEID: Kristin Weidemann Wieland er områdedirektør for forsking, innovasjon og digitalisering i KS. Den nye samarbeidsavtalen skal peike på felles område der begge partar kan tena på eit strategisk samarbeid. Foto: Johnny Syversen.

Geografisk informasjon er limet i eit digitalt økosystem for plan og bygg

Geografisk informasjon, og ikkje minst enkel tilgang til dette datagrunnlaget, har fått auka tyding når kommunane skal digitalisere tenestene sine. Kommunale plan- og byggesaksprosesser er til dømes heilt avhengige av dette datagrunnlaget og at geografisk informasjon er lett tilgjengeleg både undervegs i saksbehandlinga, men også i dialogen med innbyggjar og næringsliv.

– Målet innanfor plan- og byggesak er at ein som del av det nasjonale økosystemet for digital samhandling òg utviklar eit felles digitalt økosystem for plan og bygg i norske kommunar og ein enklare kvardag for dei som skal bygga i kommunen, fortel prosjektleiar i KS, seniorrådgivar Heidi Liv Tomren.

Ho meiner at avtalen vil bidra til ein meir målretta innsats når det gjeld å sikre enklare tilgang til geografisk informasjon i plan- og byggesaksprosesser, men òg korleis den kommunale saksbehandlinga kan bidra til at offentlege datasett blir halde ved like og tilpassa den reelle situasjonen.

Bakgrunn

Vi som samfunn har blitt meir og meir avhengige av geografisk informasjon, både for å visualisere fysiske fenomen og hendingar, men ikkje minst som eit sentralt datagrunnlag i offentleg saksbehandling. Geografisk informasjon er heilt nødvendig for å møte samfunnsutfordringar som arealbruk, berekraftig utbygging, klimatilpassing, miljøutfordringar, transport, ressursforvaltning, beredskap og urbanisering.  Geografisk informasjon inngår også i mange kommersielle tilbod og er ein integrert del av digitale tenester som vi alle nyttar i kvardagen. 

– KS sine tankar innanfor plan og bygg er heilt i tråd med Kartverket sine. Vi er positive til å bidra inn med våre data og vere med å utvikle eit felles digitalt økosystem for plan og bygg. Eg ser fram til at vi kjem ordentleg i gang med samarbeidet, seier Welle.

POSITIV: Kartverkssjef Johnny Welle ser frem til å komme ordentleg i gang med samarbeidet med KS. Foto: Morten Brun

Samarbeid om tiltak i Den nasjonale geodatastrategien

Gjennom avtalen tar partane utgangspunkt i eit felles mål om å realisera regjeringa og KS´ vedteke digitaliseringsstrategi for offentleg sektor og aktuelle handlingsplanar og tiltak som bygger oppunder denne. Den nasjonale geodatastrategien "Alt skjer ein stad" med tilhøyrande handlingsplan er òg eit sentralt område for samarbeidet.

KS vil saman med medlemmene og Kartverket samarbeide om utforming av tiltak i handlingsplanen som rører kommunal sektor, og samarbeide om utvikling av ny felles geografisk infrastruktur, omtalt som GI 2.0.

Avtalen peiker ut nokre område som det er særleg aktuelt å samarbeida om. Dette er:

  • Utvikling av nye/endra arbeidsprosessar og samanhengande tenester, til dømes innanfor plan- og byggesak, matrikkelføring, tinglysning, forvaltning av den nasjonale geodatastrukturen.
  • Utvikling av regionale strukturar for samarbeid der ein utnyttar dei regionale kartkontora og KS´ regionale digitaliseringsnettverk. Dette kan vera samarbeid om dei regionale geodataplanane men òg korleis dette arbeidet kan søtte opp under det lokale digitaliseringsarbeidet og overgang til nye fellesløysingar i kommunane. 

Avtalen peikar òg på samarbeidsområde som:

  • Utvikling og bruk av felles nasjonal IKT-arkitektur som del av GI 2.0 i særleg grad:
        o Plattformer og fellesløysingar
        o Økosystem og samanhengande datadeling, eigarskap, personvern, gjenbruk og utnytting av data
  • Utvikling av felles strategiar for korleis nasjonale geodata blir tilrettelagd for gjenbruk og vidarebruk, irekna behov for investering i fellesløysingar og finansiering/prising av desse (ref. Stortingsmelding 22).
  • Utvikle felles mål og strategiar som støttar opp under matrikkelen som nasjonal felleskomponent til bruk både for kommunal sektor og andre aktørar, medrekna rettighetshavarar til fast eigedom». Det blir vist i denne samanhengen til behovet for å modernisera bygningsdelen til matrikkelen.
  • Utvikle felles mål og strategiar for etablering og forvaltning av «digitale tvillingar» som støttar opp under behov og strategiske satsingar i kommunal sektor (Smarte og berekraftige samfunn).
  • Etablere felles faggrupper. Felles avklaring av deltakarar og mandat for desse faggruppene.
Del
XPPT