Siste oppdatering

Kartlegging i Vestland 2023

Det er starta opp fem Geovekst-prosjekt i 2023, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.

Oversikt

Det er også starta opp to kartleggingsprosjekt i samarbeid med Grunnkart Bergen. Vi går òg mot avslutting av eit prosjekt med historiske ortofoto, og eit FKB-C prosjekt som vil gir betre kart i fjellområde i fylket.

Ytre Hordaland 2023

Flyfotografering i Øygarden, Askøy, Austrheim, Fedje og delar av Alver kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

Kartutsnitt som viser prosjektområde for Ytre Hordaland 2023 i rosa skravur
KARTLEGGING 2023: Prosjektområdet for «Ytre Hordaland 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Øygarden Askøy Meland laser 2023

Laserskanning med 10 punkt per m2 i Øygarden, Askøy og Meland. kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjektet Ytre Hordaland 2023, til vedlikehald av Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

 Kartutsnitt som viser prosjektområde for Øygarden Askøy Meland Laser 2023 i rosa skravur
LASER 2023: Prosjektområdet for «Øygarden Askøy Meland laser 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Kinn Bremanger 2023

Flyfotografering i Kinn og Bremanger kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

Kartutsnitt som viser prosjektområde for Kinn Bremanger 2023 i rosa skravur
KARTLEGGING 2023: Prosjektområdet for «Kinn Bremanger 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Sunnfjord 2023

Flyfotografering i Sunnfjord kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag, og til etablering av ortofoto.

Kartutsnitt som viser prosjektområde for Sunnfjord 2023 i rosa skravur
KARTLEGGING 2023: Prosjektområdet for «Kinn Bremanger 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Bergen nord 2023

Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Flyfotografering i Bergen kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag, og til etablering av ortofoto.

Kartutsnitt som viser prosjektområde for Bergen nord 2023 i rosa skravur
KARTLEGGING 2023: Prosjektområdet for «Bergen nord 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Bergen nord laser 2023

Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Laserskanning med 10 punkt per m2 i Bergen kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjektet Bergen nord 2023, til vedlikehald av Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Kartutsnitt som viser prosjektområde for Bergen nord laser 2023 i rosa skravur
LASER 2023: Prosjektområdet for «Bergen nord laser 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Kinn Bremanger Sunnfjord laser 2023

Laserskanning med 10 punkt per m2 i Kinn, Bremanger og Sunnfjord kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta Kinn Bremanger 2023 og Sunnfjord 2023, til vedlikehald av Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Kartutsnitt som viser prosjektområde for Kinn Bremanger Sunnfjord Laser 2023 i rosa skravur
LASER 2023: Prosjektområdet for «Kinn Bremanger Sunnfjord laser 2023» er markert i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Historiske ortofoto Vestland fylke

Dette er andre runde med historiske ortofoto i fylket. Prosjektet vert fullført i løpet av våren 2023, og omfattar:

  • 54 flyoppgåver, cirka 12 300 flybilete frå 1980-talet.
  • 20 flyoppgåver, cirka 2 300 flybilete eldre «nitratfoto» frå 1935-1962.

 

Historiske ortofoto, oversikt over flyoppgaver
HISTORISKE ORTOFOTO: 54 oppgåver frå 1980-talet (vist til venstre) og 20 flyoppgåver frå 1935-1962 (vist til høgre). Ill: Kartverket.

FKB C fjell og kystområder Vestland fylke

Omløpsfoto er brukt som grunnlag for etablering av betre kartdata i fjell og kystområder. Prosjektet omfattar fjellområde i kommunane Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Vaksdal, Modalen, Alver, Masfjorden, Solund, Gulen, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Høyanger, Vik, Lærdal, og Sunnfjord.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Prosjektområde FKB-C
FJELL OG KYST: Nykonstruksjon FKB-C er vist med oransje farge. Illustrasjon: Kartverket Vestland.

Om Geovekst-samarbeidet

Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:

I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket ved:

 

Del