Fagdag 2025: DOK, plan og temadata, Bergen
Korleis kan det offentlege kartgrunnlag og plandata gje eit betre grunnlag for avgjerder i krevjande situasjonar? Det var hovedtema på fagdagen 26. november, som samla deltakarar frå meir enn 20 vestlandskommunar.
Fagdagen var i regi av Kartverket, Statsforvaltaren i Vestland og Geoforum Hordaland, og vart halden på Opus XIV i Bergen.
Målgruppa var medlemmer i Geoforum Hordaland og Geoforum Sogn og fjordane og andre som jobbar med kart, plan, beredskap.
Del av GEOklar-satsinga
Fagdagen var ein del av GEOklar-satsinga. Den har som mål å styrkje samarbeidet mellom geomatikk (kart og geografiske informasjonssystem) og samfunnstryggleik; gjere oss betre budde til å møte små og store utfordringar.
Stammespråk og kryptiske forkortingar
Klart språk er avgjerande for faggrupper skal forstå kvarandre. Aase Midtgaard Skrede frå Kartverket Vestland opna derfor den faglege delen med å sette fokus på at for mykje bruk av kryptiske forkortingar (stammespråk) gjer kommunikasjonen mellom dei ulike fagområda vanskeleg.
Årdal kommune har teke dette på alvor. Stine Ohrvik frå Årdal kommune fortalde korleis dei jobbar med å formidla komplekse miljøutfordinger på ein enkel måte til befolkninga. Dei har komme langt med sin «klart språk» tilnærming. Frisk og forståeleg design i kombinasjon med språkbruk.
Totalforsvar 2026
Oliva Marie Bakketun frå Statsforvaltaren i Vestland heldt eit foredrag om beredskapsarbeid og Totalforsvar 2026. Totalforsvarsåret 2026 kjem til å setja fokus, og me er alle er ein del av totalforsvaret av Noreg.
Det var derfor ein god nyhet Kartverket ved Mathias Holtedahl Thorp kom med; det er store planar og gode endringar for geonorgeportalen.
Som programmet under viser gjekk det slaget i slag med fagleg påfyll, diskusjonar og erfaringsutveksling.
Då dagen var over gjekk deltakarane heim - mykje meir GeoKlar enn før.
Håpar med sjåast igjen til neste DOK-fagdag om eit års tid!
Programmet
Bolk 1
10:00 Velkommen (& praktiske opplysningar)
10:05 Intro til dagen v/ Aase Midtgaard Skrede, Kartverket Vestland
10:15 Kommunedelplan for overvann v/ Tore Dolvik, Kvam herad
10:40 Kartlegging av klimarisiko v/ Stine Ohrvik, Årdal kommune
11:05 Ein vossing om DOK) v/ Rune Slettemark, Voss herad
11:30 Diskusjon og erfaringsdeling
11:45 Lunsjpause
Bolk 2
12:45 Betre samvirke; med DOK, kunstig intelligens (KI) og prediksjon? v/ Karl Johannes Romarheim, Alver kommune
13:10 Beredskapsarbeid sett frå Statsforvaltaren v/ Oliva-Marie Bakketun, Statsforvaltaren i Vestland
13:35 Forventningar frå ein geonysgjerrig rådmann v/ Martin Kulild, Voss herad
14:00 Pausemat
14:15 Geonorge - i dag og i fremtiden v/ Mathias Holtedahl Thorp, Kartverket
14:40 Diskusjon og erfaringsdeling
14:55 - 15:00 Oppsummering av dagen, Geoforum v/ Harald J. Stanghelle
E-posten er sendt