Det offentlege kartgrunnlag
I løpet av 2024 var det om lag 75 prosent av kommunane i Vestland som hadde valt DOK. Ved inngangen til mars 2025 er det heile 84 prosent som har valt og vi ligg godt an til å nå målet på 100 prosent!
Kva er DOK?
Det offentlige kartgrunnlag (DOK) er offentlege geografiske data som er tilrettelagt for kommunanes plan- og byggesaksarbeid. Formålet med DOK er å sikre at planlegging og saksbehandling skjer effektivt og basert på kunnskap.
Statusrapport frå 24. mars viser at 37 av kommunane har valt DOK for 2025, dette utgjer 86 prosent.
Oversikt som kan sorterast per kommune finn du nedst på sida.

Kva for datasett inngår i din kommune sitt DOK?
Ei oversikt over kva for DOK-datasett som gjeld for din kommune finn du på geonorge.no
Gå til geonorge.no og velg kommunen i nedtrekksmenyen
Kva er DOK-tilleggsdata?
DOK-tilleggsdata er datasett som ikkje står på DOK-lista til departementet. Dette kan vera datasett som er produsert og / eller eid av kommunar, fylkeskommunar, andre regionale parter, statsforvaltar eller andre statlege etatar.
Kommunevis status for val av DOK og DOK tilleggsdata 2025
Tabellen under viser status for val av DOK i Vestland, og vert løpande oppdatert.
Tips: Du kan søkje i tabellen, eller sortere ved å klikke på tittelen i ei av kolonnene.
E-posten er sendt