Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Rogaland

Fylkesgeodataplanen 2023-2026 med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Rogaland 25. oktober 2022. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Kartverket Rogaland er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Rogaland, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Rogaland som vedtek geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Hovudsatsingsområda i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Rogaland vil ha følgande fokusområde og satsingar i planperioden:

  • Sluttføre vegadresser i Rogaland.
  • Få alle relevante detalj- og reguleringsplanar over på digitalt vektorformat.
  • Auke tilgjenget til oppdaterte plandata gjennom sentral forvaltning (geosynkronisering).
  • Gjennomføre regionsvise møte med dei samarbeidande kommunane.
  • Få fleire datasett inn i Det offentlege kartgrunnlaget (DOK).
  • Gi grunnlag for å førebygge og handsame kriser på ein betre måte.
  • Vidare utvikling av prosjektet Temadata Rogaland.
  • Hamnedata i sentral felles kartdatabase (SFKB).
  • Djupnedata, inkludert oppfølging av Marine grunnkart i kystsona.
  • Sluttføre resterande mellombels forretningar (MF) og attståande forretningar utan fullført oppmåling (MUF).
  • Følge opp arbeidet i faggruppene for BI-verktøy og analyseverktøy, samt brukarforum for Nasjonal vegdatabank (NVDB).
  • Sikre samordning mot aktivitetar i nasjonal geodatastrategi:
    • Halde oss orientert om aktivitetar i geodatastrategien.
    • Vere ein aktiv bidragsytar til å koma med innspill til nasjonale satsingar.
  • Forbetre kvalitet på AR5.
  • Laserpunktskanning (minst 10 pkt/m2) av strøm-/signal-førende luftnett for nødvendig datafangst til NRL (luftfartshinder) rapportering.

Fylkesgeodataplanens oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne fylkesgeodataplanen.

Planen har av to delar:

  • Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  • Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Kontakt

Norge digitalt

Norge digitalt er et samarbeid mellom virksomheter som har ansvar for å fremskaffe stedfestet informasjon og/eller som er store brukere av slik informasjon.

Forvaltning av kartdata

Veiledninger, verktøy og rutiner for forvaltning, drift og vedlikehold av kartdata som inngår i Felles kartdatabase (FKB).

Geovekst

Geovekst er et samarbeid om felles etablering, forvaltning, drift, vedlikehold og bruk av geografisk informasjon.

Del