Siste oppdatering

Status for kartleggingsprosjekta i Rogaland

I år vert det flyfotografering i kommunane Sandnes og Gjesdal på Jæren.

Jæren FKB 2024

I år vert det flyfotografering i kommunane Sandnes og Gjesdal. Prosjektet omfattar landmåling, produksjon av ortofoto og konstruksjon av FKB-data. Nye kartdata og ortofoto ventes å bli tilgjengelege vinteren 2025.

Klikk her for heile kartutsnittet (png).

Jæren-FKB-2024-rog-besk.png
KARTLEGGING I 2024: Områda som skal flyfotograferast vises med grøn farge (FKB-B) Ill.: Kartverket
 

Jæren FKB 2023

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Sandnes, Hå, Klepp, Time og Lund. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og konstruksjon av FKB-data inngår i prosjektet, som vil bli utført av Field Group.

Oppdaterte kartdata vil bli tilgjengelege på vårparten i 2024.

Klikk på kartutsnittet under for å få opp hele bildet.

JaerenFKB.png
KARTLEGGING I 2023: Fargen på skravuren syner kva for FKB-standard det blir kartlagd etter. Rød skravur = FKB-A, grønn = FKB-B, og lilla = FKB-C. Ill: Kartverket.

Kartleggingsprosjekt i 2022 - Jæren og Dalane

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Sola, Sandnes, Bjerkreim, Eigersund og Sokndal. Mindre deler av Gjesdal og Lund kommuner er òg med. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet. Prosjektet vart levert av Hexagon.

Kartdata er tilgjengeleg på sentral dataforvaltning (SFKB).

Klikk på kartutsnittet under for å få opp hele bildet.

Kartutsnitt med prosjektområder for 2022
KARTLEGGING I 2022: Fargen på skravuren syner kva for FKB-standard det blir kartlagd etter. Rød skravur = FKB-A, grønn = FKB-B, og lilla = FKB-C. Ill: Kartverket.

Kartleggingsprosjekt i 2021 - Haugalandet

Geovekstprosjektet omfatta område i kommunane Bokn, Karmøy, Haugesund, Utsira, Tysvær og Vindafjord. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngjekk i prosjektet.

Du kan sjå ortofoto over Haugalandet i kartløysinga norgeibilder.no. Oppdaterte kartdata er lagra i SFKB.

Nord-Jæren

Geovekstprosjektet omfatta område i kommunane Sandnes, Kvitsøy og Randaberg. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngjekk i prosjektet.

Du kan sjå ortofoto i kartløysinga norgeibilder.no:

Oppdaterte kartdata er lagra i SFKB.

Oversikt

Status geovekstprosjekt Rogaland (geonorge.no).

Del