Status kartlegging i Møre og Romsdal
Vil du ha ferske laserdata eller dei siste ortofotoa over Romsdal? Her finn du ein oversikt over pågåande kartleggingsprosjekt i regi av Geovekst i fylket.
Sunnmøre sør laser 2023
Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 419 km2 i Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein kommunar.
For Sande, Herøy, Hareid og Ulstein er det aller meste av eksisterande punktsky frå 2016, og har ein punkttettleik på 2 punkt/m2. Det er med andre ord ei stor oppgradering på trappane.
I områda som skal skannast i Ørsta og Volda er punktskya vi har frå før frå 2017, med ein punkttettleik på 5 punkt/m2. Her vil vi altså fordobla datamengda, og få ein høgdemodell som syner det som har skjedd dei siste seks åra.
Oppdraget er tildelt Field.
Sunnmøre sør 2023
Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein.
I dette prosjektet skal vi flyfotografere og få produsert ortofoto for eit område på omlag 1427 km2, som vist på kartutsnittet under. Vi skal ajourføre FKB-data i eit område på omlag 628 km2. Oppdraget er tildelt Field.
Midsund laser 2022
Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 95 km2 i Molde kommune. Dette er eit Geovekst-prosjekt som gjennomførast i samarbeid med Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH).
Datafangst er ferdig, og punktskya er tilgjengeleg i forvaltingsløysinga høydedata.no. Prosjektnamnet på høydedata.no er NDH Otrøya 10pkt 2022.
Romsdal 2022
Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes.
Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet. Oppdraget er tildelt Hexagon.
Ortofoto er no å finne på innsynsløysinga Norge i bilder:
Klikk for å sjå heile kartutsnittet
Historiske ortofoto
Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Til saman er det over 8 600 flyfoto fordelt på 75 flyoppgåver (flyoppdrag) frå tidsperioden 1957-1994.
Kartverket har skanna desse flybileta, og oppdraget med å produsere ortofoto er sett vekk til eit kartleggingsfirma. Dette oppdraget er tildelt Blom Norway AS. Firma skal levere ferdigproduserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no. Prosjektet skal vere ferdig frå leverandør i juni 2023.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet
E-posten er sendt