Prosjekt; Grunnkart for bruk i arealrekneskap
Testversjon 2 er no tilgjengeleg. På webinaret informerer samarbeidspartane i prosjektet om kva som er nytt, status og framdriftsplan. Du kan registrere deg her.
Fakta Nasjonalt grunnkart for bruk i arealregnskap
er ei samanstilling av arealressurs- og arealbrukdata frå dei norske primærdatasetta. Desse er supplerte med ein økosystemklassifikasjon.
Datasettet kan koplast mot andre datakjelder, t.d. arealplanar, og nyttast som grunnlag for å utarbeida ulike typar arealrekneskap.
Kjelde: NIBIO Brage: Testversjon 2
Samarbeidspartane i prosjektet Grunnkart for bruk i arealregnskap inviterer til informasjonsmøte om grunnkartet.
I Testversjon 2 finn du endringar knytt til rydding i geometri, skogavgrensing, grunnforhold, arealbruk i hav og areal med motstridande eigenskapar. I tillegg kjem fleire mindre endringar som er beskrive i rapporten.
Les meir om Grunnkart for bruk i arealrekneskap på Geonorge
Der kan du sjå og laste ned grunnkartet.
Du kan også lese rapporten som går gjennom alle endringar i Testversjon 2 (nibio.no).
Program
- Om grunnkartet, status og framdriftsplan
- Endringar i Testversjon 2
- Økosystemklassifikasjonen
- SSB sin utbyggingsrekneskap
Samarbeidspartane
Prosjektet «Grunnkart for bruk i arealrekneskap» er eit samarbeid mellom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Statistisk sentralbyrå (SSB), Miljødirektoratet og Kartverket.
E-posten er sendt