Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Prosjekt; Grunnkart for bruk i arealrekneskap

Testversjon 2 er no tilgjengeleg. På webinaret informerer samarbeidspartane i prosjektet om kva som er nytt, status og framdriftsplan. Du kan registrere deg her.

09:00 - 10:30

Invitasjonen kan vidaresendast.

Fact Nasjonalt grunnkart for bruk i arealregnskap

er ei samanstilling av arealressurs- og arealbrukdata frå dei norske primærdatasetta. Desse er supplerte med ein økosystemklassifikasjon.

Datasettet kan koplast mot andre datakjelder, t.d. arealplanar, og nyttast som grunnlag for å utarbeida ulike typar arealrekneskap.

Kjelde: NIBIO Brage: Testversjon 2

Samarbeidspartane i prosjektet Grunnkart for bruk i arealregnskap inviterer til informasjonsmøte om grunnkartet.

I Testversjon 2 finn du endringar knytt til rydding i geometri, skogavgrensing, grunnforhold, arealbruk i hav og areal med motstridande eigenskapar. I tillegg kjem fleire mindre endringar som er beskrive i rapporten.

Les meir om Grunnkart for bruk i arealrekneskap på Geonorge

Der kan du sjå og laste ned grunnkartet.

Du kan også lese rapporten som går gjennom alle endringar i Testversjon 2 (nibio.no).

Program

  • Om grunnkartet, status og framdriftsplan
  • Endringar i Testversjon 2
  • Økosystemklassifikasjonen
  • SSB sin utbyggingsrekneskap

Samarbeidspartane

Prosjektet «Grunnkart for bruk i arealrekneskap» er eit samarbeid mellom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Statistisk sentralbyrå (SSB), Miljødirektoratet og Kartverket.

 

Share
XPPT