Dokumentasjon og leveranser
Eigedomsdata frå matrikkelen og grunnboka er gratis, men det er berre verksemder og offentlige organ som får tilgang, og dei må søke om det. Her er informasjon om dei ulike leveransane frå API'ene.
Desse alternativa for elektronisk tilgang til eigedomsdata er tilgjengelege:
Endringslogg/ massivuttrekk
Dette er massivuttrekk frå matrikkeldatabasen og grunnbokdatabasen og løpande oppdateringar av desse. For kvar av databasene gjer Kartverket tilgjengeleg eit endringslogg-API som er egna til å oppdatere ein lokal kopi. Ei slik oppdatering kan skje i tilnærma sanntid dersom verksemda ønsker det.
Alle matrikkel- og grunnbokrelevante data blir gjort tilgjengelege utan restriksjonar for lagring utover det som følger av lov og forskrift og vilkåra i avtalen.
Her finn du dokumentasjon for matrikkel-API-et.
Her finn du dokumentasjon grunnbok-API-et.
Tenester for direkteoppslag i matrikkelen
Matrikkel-API-et har tenester basert på SOAP og gir tilgang til matrikkeldata både i små og store mengder. Det er tenester både for å søke opp data basert på logiske inndata, som adressenamn, husnummer og bokstav for ei adresse, men også for å søke opp data basert på numeriske ID-ar. I tillegg er det rapport-teneste (pdf, xlm, sos), WFS og WMS. Det er inga øvre grense for kor mange oppslag som kan gjerast mot tenestene.
Dokumentasjon for direkteoppslag i matrikkel-API-et.
Tenester for direkteoppslag i grunnboka
Teneste-API-et for grunnboka inneheld tenester som har innebygd struktur om korleis data skal samanstillast ved utskrifter som er ei førehandsspesifisert samanstilling av data.
Her er dokumentasjon teneste-API for grunnbok.
Informasjonen blir gitt i ulike format som xml, pdf, tekst, og har ein høgare grad av bearbeiding samanlikna med endringslogg-API-et som er omtalt ovanfor. Det er inga øvre grense for kor mange oppslag som kan gjerast mot tenestene.
E-posten er sendt