Siste oppdatering

Nytt e-kurs om adresse- og stadnamnarbeid

Kommunetilsette som jobbar med adressenamn og stadnamn, kan no nytte eit nytt e-læringskurs til hjelp i saksbehandlinga. Også andre namneinteresserte kan ha glede av kurset.

Kurset gir opplæring i lovverket som ligg til grunn for adresse- og stadnamnarbeidet, og som partane pliktar å følgje. Kurset er delt inn i fire delar:

  • Bakgrunnen for arbeid med stadnamn
  • Stadnamnlova i praksis
  • Rettskriving og normering
  • Gangen i stadnamnsaker

Det tek ca. 90 minutt å gjennomføre kurset.

Det er Språkrådet som har utvikla kurset på bestilling frå Kulturdepartementet. Kartverket har vore med i prosjektgruppa.

Kurset er lagt ut på læringsplattforma til Digdir (Digitaliseringsdirektoratet).

Del