Siste oppdatering
E-kurs om adresse- og stadnamnarbeid
Kommunetilsette som jobbar med adressenamn og stadnamn, kan nytte eit e-læringskurs til hjelp i saksbehandlinga. Også andre namneinteresserte kan ha glede og nytte av kurset.
Kurset gir opplæring i lovverket som ligg til grunn for adresse- og stadnamnarbeidet, og som partane pliktar å følgje. Kurset er delt inn i fire delar:
- Bakgrunnen for arbeid med stadnamn
- Stadnamnlova i praksis
- Rettskriving og normering
- Gangen i stadnamnsaker
Det tek ca. 90 minutt å gjennomføre kurset.
Det er Språkrådet som har utvikla kurset på bestilling frå Kulturdepartementet. Kartverket har vore med i prosjektgruppa.
Kurset er lagt ut på læringsplattforma til Digdir (Digitaliseringsdirektoratet).
E-posten er sendt