Karttypar
Vi deler karta i landkart og sjøkart. Etter føremål og målestokk deler vi landkarta inn i tekniske kart, økonomiske kart, topografiske kart, tematiske kart og oversiktskart i ulike målestokkar.
Tekniske kart
Tekniske kart, målestokk 1:500 – 1:1000, bruker vi for detaljplanlegging og prosjektering. Slike kart er særleg aktuelle i tettbygde strøk, og ved tekniske utbyggingar som krev eit godt og nøyaktig kartmateriale. Det meste av slike kart i Noreg blir produsert ved fotogrammetrisk konstruksjon frå ortofoto (flybilete), og arbeidet blir utført av private firma.
Økonomiske kart
Økonomiske kart er kart i store målestokkar, 1:5000 – 1:20 000, og skal tene både tekniske, økonomiske og administrative føremål. I Noreg starta arbeidet med økonomisk kartverk i 1965, og store delar av Noreg er i dag dekt av økonomisk kartverk (ØK) i målestokk 1:5000 og 1:10 000. Desse utgjer grunnlaget for planlegging bl.a. i jordbruk og skogbruk. Slike kart gjev detaljerte opplysningar om hus, vegar, gater, industriareal, eigedomsgrenser og naturgeografiske forhold som vegetasjonstype og kvalitet på skogsmark. Reguleringsplanar for større område har oftast ØK som kartgrunnlag.
Topografiske kart
Topografiske kart gjev att dei topografiske eigenskapane til jordoverflata og andre forhold og objekt som er synlege i terrenget, naturlege og tekniske eller menneskeskapte. Dei gjev detaljert informasjon om terrengformer, vassflater, vassdrag og vegetasjon, i tillegg til kulturelement som grenser, samferdsel, busetnad og stadnamn. Topografiske kart har høgdetal på visse terrengpunkt, høgdetal på større vatn, og den generelle terrenghøgda blir oppgjeven med høgdekurver eller kotar. Fargar bruker vi for å markere tettbygde strok, dyrka mark, skog, myr, opne område, djupner, elver og vatn. I tillegg bruker vi ei rekkje symbol for å vise busetnad og anna. Topografiske kart har målestokk som ligg mellom 1 : 25 000 og 1 : 250 000.
Tematiske kart
Tematiske kart er kart som legg vekt på å presentere eitt eller eit fåtal tema som blir framheva. Dei tematiske opplysningane er som regel teikna inn på eit topografisk kartgrunnlag. Døme på tematiske kart er geologiske kart, vegetasjonskart, klimakart, busetnadskart, arealbrukskart og planleggingskart i kommuneplanar.
Oversiktskart
Oversiktskart gjev ei lettlesen oversikt over store geografiske område som land eller verdsdelar. Dei inneheld berre dei viktigaste detaljane i terrenget ved forenkla framstilling. Karta har målestokk som er mindre enn 1 : 250 000 (større tal).
Sjøkart
Sjøkart er ei grafisk framstilling av eit hav eller kystområde. Karta viser det som navigatørar treng å sjå for å kunne ferdast trygt langs kysten. Dette inkluderer djupneforhold i sjøen, landkonturar, tørrfall (tørrlagt areal ved lågvasstand), øyer, skjer, båar, fyrtårn, fyrlykter (med sektorar), sjømerke, tidevassinformasjon og straumforhold, lokale magnetiske forhold, bruer, hamner og anerkjente og merka skipsleier (seglleier). Nyare sjøkart viser også noko informasjon på land, som vegar og høgdekurver.
Det var tidlegare vanleg at skisser av fyr blei teikna inn i landområda, slik at ein skulle kunne kjenne att utsjånaden på fyra.
Sjøkart har tradisjonelt blitt leverte som papirkart, men frå 2002 har Kartverkets sjødivisjon drive eit regionalt koordineringssenter (PRIMAR) for offisielle elektroniske navigasjonskart (ENC-ar).
Dei norske sjøkarta på papir omfattar heile Norskekysten og blir i hovudsak gjevne ut i målestokk 1 : 50 000. Denne serien kallar vi hovudkartserien.
E-posten er sendt