Siste oppdatering

Ny direktør i landdivisjonen

​Knut K. Bjørgaas blir ny direktør i Kartverkets landdivisjon. Han startar i stillinga 1. oktober.

​Knut K. Bjørgaas kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet med ansvar for informasjonssikkerhiet, handlingsplanen for regjeringa sin digitaliseringsstrategi, deling og bruk av data samt nasjonale og internasjonale samarbeid.

Han har også sete i Geodatarådet sidan 2020. Bjørgaas har tidlegare vore leiar for strategi og forretningsutvikling i Storebrand livsforsikring, og hatt ulike leiarroller i Statens pensjonskasse og i den nordiske IT-eininga til Telenor. Bjørgaas er utdanna sivilingeniør i elektronikk og datateknikk frå NTNU (tidlegare NTH) i Trondheim.

Portettfoto av Knut K. Bjørgaas. Foto: Digitaliseringsdirektoratet
LANDDIREKTØR: Knut K. Bjørgaas tiltrer i stillinga som direktør for Kartverkets landdivisjon 1. oktober 2022. Foto: Digitaliseringsdirektoratet
Del