Siste oppdatering

Endring i rutinane for oppdatering av krinsdata i matrikkelen

Kommunane har etter vallova frist til den 31. mars i valåret for å melde inn endringar i røystekrinsane til det komande valet. Mange kommunar har allereie sendt oss melding om endringar, i det siste har vi fått tilbakemeldingar med spørsmål om kvifor desse endringane ennå ikkje er synlege i matrikkelen.

Bakgrunnen for manglande oppdatering av innmelde krinsendringar er at Kartverket har starta på arbeidet med modernisering av matrikkelen. Vi har teke i bruk nasjonal inndelingsbase for oppdatering av grunn- og røystekrins i matrikkelen. Dette har ført til at vi no har to ulike rutinar for oppdatering av krinsdata i matrikkelen, jf. artikkel i Kartverket sitt nyheitsbrev i desember 2022.

Skulekrins og kyrkjesokn blir framleis oppdatert på «gamlemåten». Det vil seie ved filbasert innlesing i matrikkelen, og dette blir tilgjengeleg i matrikkelen ein gong i månaden. Endringar i grunn- og røystekrins skal derimot oppdaterast i inndelingsbasen, og dei vil etter kvart bli synleg i matrikkelen så snart dei er publiserte.

Inndelingsbasen er eit heilt nytt verktøy for oppdatering av krinsopplysningar i matrikkelen, der bruk og utvikling av basen skal skje samtidig. Då vi tok i bruk matrikkelen var alle nødvendige funksjonar tilgjengelege frå første dag. Inndelingsbasen vil i motsetnad ha berre få funksjonar tilgjengeleg i starten, og framover blir utvikling av funksjonalitetar som er viktige for å sikre valgjennomføringa prioriterte.

Det er tilgjengelege funksjonar og prioriteringar knytt til valgjennomføring som vil bestemme i kva for rekkjefølgje vi kjem til å oppdatere krinsendringane kommunane har meldt inn til oss. Det kan bety at nokre kommunar vil oppleve at endringane ikkje er synlege i matrikkelen før etter 31.3., sjølv om dei har blitt sendt inn til Kartverket i god tid før.

Vi vil orientere kommunane særskilt når dei aktuelle endringane for kvar kommune er gjennomførte.

Del
XPPT