Ti år med #klimaomstilling – bli med på årets konferanse

Årets tema er «Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling». I år vil konferansen gje deg verdifull innsikt i kva som er dei grunnleggande samfunnsendringane som må til, samt perspektiv på den internasjonale klimapolitikken. Påmelding 11. april.

-

Merk!

  • Frist for Early Bird påmelding er til og med 11. februar 2025
  • Bindande påmelding frå 11. april 2025

Fakta Arrangørar

I tillegg til Kartverket, som sit i programkomiteen, står desse bak #Klimaomstilling:

  • Vestland fylkeskommune,
  • Statforvaltaren i Vestland,
  • Høgskulen på Vestlandet,
  • Norsk senter for berekraftlig klimatilpassing, Vestlandsforskning,
  • Klimapartnere,
  • Kommunesektorens organisasjon (KS) og
  • NORCE (et norsk forkningsinstitutt).

Kilde: https://klimaomstilling.no/omkonferansen

Konferansen samlar fagfolk, offentleg sektor, forskarar, politikarar og næringslivsrepresentantar frå heile landet for å dele innsikt og erfaringar.

Konferansen har sitt opphav i eit mangeårig, regionalt samarbeid og har i år ti-års jubileum. I dag er er det ni partnarar, som alle bidreg med sterke fagmiljø, ny forsking og med ulike perspektiv på klimaomstillinga.

Deltakarane vil få verdifulle perspektiv på viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging, samt få innsikt i den siste forskinga på klimaområdet.

I tillegg vil konferansen rette søkelyset på forbruksbaserte utslepp og diskutere korleis vi kan handtere dei samfunnsendringane som er nødvendige for å møte framtidas klimautfordringar både på globalt og lokalt nivå.

Det blir også eit fokus på den internasjonale klimapolitikken og korleis den påverkar Noreg og vårt arbeid med klimaomstilling.

Parallellsesjonar og arbeidsverkstadar

Gjennom parallellsesjonar får deltakarane fordjupe seg i ulike tema, med konkrete eksempel på løysingar og initiativ som har hatt betydning for klimaomstillingsarbeidet dei siste åra. 

Under parallellsesjon om havnivåstigning vil blant anna Hilde Sande Borck frå Kartverket ha innlegg om den nye havnivårapporten og Se havnivå i kart.

Det vert óg mogleg å delta i arbeidsverkstadar for å relatere tematikken til sitt eige arbeid.

Utkast til program.pdf

#Klimaomstilling 2025

Klimaomstilling 2025 er ei unik moglegheit for å få både faglege innblikk og praktisk kunnskap som kan takast vidare i det daglege arbeidet med klimautfordringar.

Vi oppmodar alle som er engasjert i klimaomstillinga – frå offentleg sektor til næringslivet og forskingsmiljø – å delta på konferansen for å bidra til å forme ein meir klimarobust framtid.

Velkomen til ein inspirerande og innsiktsfull konferanse i Sogndal 6.–7. mai 2025!

Del
XPPT