Klimaomstillingskonferansen 2026

Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid? 2026 er med god grunn utnemnt til Totalforsvarsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar den politiske uroa i verda. Påmeldingsfrist 31. august. 

-
09:00 - 15:00

Merk! Frist for Early Bird påmelding er til og med 20. juni 2026 Bindande påmelding frå 31. augustl 2026.

Fakta Arrangørar

I tillegg til Kartverket, som sit i programkomiteen, står desse bak #Klimaomstilling:

  • Vestland fylkeskommune
  • Statforvaltaren i Vestland
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Norsk senter for berekraftig klimatilpassing NORADAPT
  • Vestlandsforsking
  • Klimapartnere
  • Kommunesektorens organisasjon (KS)
  • NORCE (et norsk forskningsinstitutt)
  • Norsk bremuseum

Kilde: klimaomstilling.no

Klimaomstillingskonferansen i Sogndal vil i år løfte fram korleis vi kan halde fram arbeidet med klima og natur når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.

Klimaomstkonf 2026 16-9.jpg
KLIMAOMSTILLINGSKONFERANSEN 2026: Konferansen starta i Sogn og Fjordane for elleve år sidan. Den er ein nasjonal arena for deling av kunnskap knytt til nokre av dei største samfunnsutfordringane me har. Ill.: Klimaomstilling

Mandag 21. september: Fokus på klimarisiko

Program Klimaomstillingskonferansen 2026.pdf

Nytt av i år er at vi inviterer alle norske forskingsmiljø til å presentere siste nytt frå forskinga si på klimatilpassing.

Her kan du mellom anna lære om dei nye, kommunevise klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og høyre innlegg om beredskap for naturfarehendingar.

Tirsdag 22. september: Fokus på utsleppskutt

Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg:

  • Korleis kan dei halde fram med å omstille samfunnet og bedrifter til eit lågutsleppssamfunn?
  • Korleis kan vi forvalte areala våre klokt, i samsvar med klimaendringane og ta vare på natur?

Det vert lagt opp til parallellsesjonar om arealnøytralitet, naturbaserte løysingar og sirkulære bygg.

Kartverket er med i samarbeid om ein parallellsesjon som utforskar arealrekneskap som verktøy for vasking av gamle planar mot ny kunnskap. Klimaomstkonf 2026 logo liten.jpg

Eit mangeårig, regionalt samarbeid på klimaområdet

Konferansen har opphav i eit mangeårig, regionalt samarbeid på klimaområdet og innan tilpassing til klimaendringar. Han vert arrangert årleg, og er ein nasjonal arena for deling av kunnskap knytt til nokre av dei største samfunnsutfordringane me har.

Det starta i Sogn og Fjordane

Samarbeidet starta i Sogn og Fjordane, og blir ført vidare i Vestland fylke. Konferansen går føre seg i Sogndal - for 11. gang i år. Ti partnarar bidreg alle med sterke fagmiljø, ny forsking og med ulike perspektiv på klimaomstillinga.

#Klimaomstilling 2026 er ei unik moglegheit for å få både faglege innblikk og praktisk kunnskap som kan takast vidare i det daglege arbeidet med klimautfordringar.

Vi oppmodar alle som er engasjert i klimaomstillinga – frå offentleg sektor til næringslivet og forskingsmiljø – å delta på konferansen for å bidra til å forme ein meir klimarobust framtid. Velkomen til ein inspirerande og innsiktsfull konferanse i Sogndal!

Del
XPPT