Fagdag om DOK, plandata og samfunnstryggleik
For femte gong arrangerer Statsforvaltaren i Vestland, Kartverket Vestland og GeoForum Hordaland ein fagdag om Det offentlege kartgrunnlaget (DOK), Plandata og samfunnstryggleik. Hald av dagen, 25. november allereie no. Påmelding kjem snarast.
Hald av dagen, 25. november. Påmelding kjem snarast.
God samfunnsplanlegging er òg god beredskap. Vil du vera med å byggja beredskapskassen?
Har kommunen dei rette data når samfunnet skal byggjast eller når krisa oppstår?
Og endå viktigare: Har kommunen kompetansen til å bruke dei?
Plandata, Det offentlege kartgrunnlaget (DOK) og lokale geodata er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for samfunnsplanlegging, beredskap og handtering av kriser.
Vi må vite kva data vi treng, kvar dei finst, kva dei fortel oss – og korleis vi skal bruke dei når dei vanlege løysingane ikkje er tilgjengelege.
På Fagdagen for Plan og temadata får du enno eit påfyll.
På Fagdagen på Opus XVI fyller vi den geografiske beredskapskassa til kommunen med både data og kunnskap.
Me samlar folk frå samfunnsplanlegging, beredskap, geodata og andre kommunale fagmiljø. Me delar erfaringar og byggjer kompetanse på tvers – før me står i ein situasjon der vi er avhengige av alt dette.
For den viktigaste ressursen i beredskapskassa er ikkje ein harddisk, programvarer, teknologi … Det er deg, folk som kjenner kommunen, kjenner data og veit korleis data skal brukast.
God samfunnsplanlegging byggjer beredskap
- data kan lagrast
- system kan sikrast
- kompetansen må byggjast – før krisa kjem
Arrangørar
Fagdagen vert arrangert av Kartverket Vestland, Geoforum Hordaland og Statsforvaltaren i Vestland
E-posten er sendt